RS «Osloskøyta»

redningsskøyte
RS 50 «Osloskøyta»
Verft:  Knut Christensen & Co, Risør
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1940
Byggjepris:  125 000 kroner
Oppkalla etter:  Oslo
Finansiering:  Innsamling i Oslo
Eigenskapar
Materiale: tre
Lengde:  19,50 meter
Breidde:  5,60 meter
Djupgåande:  2,60 meter
Seglareal:  120 m²
Motor år:  1940
Motor:  90/140 hk
Ny motor år:  1961
Ny motor:  220 hk
Fart:  9 knop
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1940
Ut av teneste:  1966
Menneskeliv berga:  85
Fartøy assistert:  532

RS 50 «Osloskøyta» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1940. Ho vart konstruert av Bjarne Aas og bygd av Knut Christensen & Co i Risør. Med sine 19 meter var ho den største av Aas-skøytene. Byggesummen, kr 125000, vart innsamla i Oslo, noko som syner att i namnet.

I mai 1948 redda «Osloskøyta» mannskapet på 8 frå det flytande trandamperiet «Trana» ved hamna i Berlevåg. Mannskapet på redningsskøyta, Bertel Afset, Karl Knudsen, Olaf E.Afset og Edmund Steira, mottok Kongens fortenestmedalje i gull for denne redninga. Dei fekk og Emile Robins belønning for 1948. Det gjorde dei og for 1950.

Mannskapet på «Osloskøyta» vart, som mannskapet på 6 andre redningsskøyter, tildelt Deltakarmedaljen etter andre verdskrigen for flyktningetransport til Sverige.

I 1965 fekk «Osloskøyta» lekasje i krapp sjø på Hustadvika. Ved slippsetting synte det seg at ho var i så dårleg stand at det ikkje lønte seg å reparere. I 1966 vart ho seld til private.

Kjelder endre

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002