RS «Skomvær II»

norsk redningskrysser
RS 66 «Skomvær II»
Verft:  A/S Stord Verft
Byggjeår:  1960
Byggjepris:  1 550 000 kroner
Oppkalla etter:  Seglskipet «Skomvær»
Finansiering:  Skomvær-aksjonen
Eigenskapar
Lengde:  26,46 meter
Breidde:  7,02 meter
Djupgåande:  3,40 meter
Motor:  Bergen Diesel 525 hk
Fart:  11 knop
Mannskap:  7
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1960
Ut av teneste:  1986
Menneskeliv berga:  106
Fartøy assistert:  704

RS 66 «Skomvær II» var ein redningskryssar bygd i stål for Redningsselskapet i 1960. Han var av same type som RS «Haakon VII» (RS 61) og RS «Ambassador Bay» (RS 62), som vart levert i 1958. Til liks med desse vart «Skomvær II» levert av A/S Stord Verft. Skroget vart og bygd på verftet. Redningsskøyta var 26,46 meter lang. Hovudmotoren på 525 hk gav ei fart på 11 knop.

RS «Skomvær II» vart finansiert ved innsamling gjennom Skomvær-aksjonen i NRK. Erik Bye stod bak ideen til denne innsamlinga. Byggesummen var 1,55 million kroner. «Skomvær II» fekk namn etter seglskipet «Skomvær».

I 1986 vart «Skomvær II» seld til Svenska Sällskapet för Räddning af Skeppsbrutne for 1,6 million kroner. Kryssaren fekk då namnet «Hans Hansson».

Kjelder endre

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002