RS 21 «Solli»
Status:  Restaurwert
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Verft:  Colin Archer, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer, Larvik
Byggjeår:  1908
Byggjepris:  11 535,76 kroner
Oppkalla etter:  Solli, fritidsbustaden til Anton Poulsen, formann i NSSR
Finansiering:  Grosserar Gunnar Eide Næss, Antwerpen
Namn i dag:  «Solli»
Eigenskapar
Lengde:  14,25 meter
Breidde:  4,84 meter
Djupgåande:  2,50 meter
Seglareal:  126 m²
Motor år:  1942
Motor:  40/80 hk
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1908
Ut av teneste:  1948
Menneskeliv berga:  30
Fartøy assistert:  1303

RS 21 «Solli» er ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1908. Ho vart konstruert og bygd av Colin Archer i Larvik og rigga som ketch. Full seglføring var på 126 m², fordelt på Storsegl (47 m²), klyver (31 m²), fokk (21 m²), toppsegl (14 m²) og messan (13 m²). I 1939 vart «Solli» teken ut or aktiv teneste. Ho hadde då for det meste vore stajonert på kysten av Trøndelag og Helgeland.

Redningsselskapet hadde «Solli» som reseveskøyte. I 1942 fekk ho nytt styrhus og innsett motor. Namnet vart då endra til RS «Anton Poulsson»[1]. I 1948 vart skøyta seld til losvesenet. Namnet vart endra til «Grip», etter som skøyta vart stasjonert der. Ei tid hadde ho base i Kristiansund, og fekk namn etter byen. Namnet Solli kjem frå Anton Poulssons fritidseigedom i Krødsherad kommune og er framleis i eiget til etterkommarar.

Etter at ho vart seld av losvesenet i 1968, hadde ho fleire eigarar. I 1976 tok ekteparet Berit Øien Holo og Erik Holo fatt på ei grundig og langvarig restaurering. Eksteriørmessig vart ho ført tilbake slik ho var som redningsskøyte. Mellom anna vart styrehuset teke bort, og det vart laga styrebrunn. Ho fekk ny rigg etter originale teikningar. «Solli» vart innreidd i gammal stil for bruk som turbåt. Ho fekk og ny seks sylindra Ford Marindiesel-motor.

I dag vert «Solli» utleigd til turar for interesserte, for det meste i Nord-Noreg.[2]

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Norsk Maritimt Forlag 2002
  • Erik Holo:RS 21 - «Solli» i Romsdalsmuseet Fiskerimuseet på Hjertøya - 1986.
  • nssr.no

FotnotarEndra