RS «Svolvær»

redningsskøyte

RS 12 «Svolvær» er ei tidlegare norsk redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1897. Under bygging av «Svolvær» gjorde Colin Archer ein del endringar i høve til Colon Archer-typen som han tidlegare hadde bygd sidan 1893. «Svolvær» var noko lenger enn dei tidlegare skøytene og baugprofilen vart litt utretta. Skøyteførarane var nøgde med den nye typen, som vart kalla Svolvær-typen. Det vart til saman bygd ti skøyter etter denne konstruksjonen.

RS 12 «Svolvær»
RS «Svolvær»
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Verft:  Colin Archer, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer, Larvik
Byggjeår:  1897
Byggjepris:  10552,94 kroner
Finansiering:  gåv frå Caroline Harvey, England
Eigenskapar
Lengde:  14,30 meter
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1897
Ut av teneste:  198
Menneskeliv berga:  70
Fartøy assistert:  1061

«Svolvær» vart bygd av Colin Archer i Larvik. Byggjeprisen var kroner 10 552,94. Skøyta vart finansiert ved gåve frå Caroline Harvey frå Milford Haven i England. I 1896 fekk Redningsselskapet 6000 kroner. Dei skulle brukast til ei redningsskøyte som under fisket skulle plasserast i Svolvær, der Miss Harvey ofte var på vitjing. Etter at skøyta var ferdig gav ho resten av byggesummen. Ho arbeidde ivrig for redningssaka både i Noreg og i Storbritannia. For det arbeidet fekk ho i 1918 Kongens Fortenestmedalje.

Redningsselskapet selde «Svolvær» i 1938 til Jens Berntsen frå Tønsberg. Medan ho var i drift for Redningsselskapt redda RS «Svolvær» 70 menneske frå ein sikker daude. 1061 fartøy vart berga eller fekk assistanse. I 1927 vart mannskapet på «Svolvær» heidra med Emile Robins belønning.

«Svolvær» er i dag stasjonert i Lofoten i privat eige.

Kjelder endre

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene (Norsk Maritimt Forlag 2002)