Radioresepsjonen (ofte forkorta til RR) er eit radioprogram som byrja på NRK P3 og frå hausten 2014 blei send på NRK P13. Dei faste programleiarane er Steinar Sagen, Tore Sagen og Bjarte Tjøstheim. Fyrste sending av programmet blei kringkasta 2. januar 2006.

Programleiarane for Radioresepsjonen, Steinar Sagen, Tore Sagen og Bjarte Tjøstheim, i 2010
Bjørn Eidsvåg og Radioresepsjonen under Nordiske Mediedager 2010.
Foto: Eirik Helland Urke

Historie endre

Ideen til Radioresepsjonen kom til under ein middag dei tre hadde ein seinsommardag i 2005. NRK meinte fyrst at det ville bli rotete om dei tre radiopratarane skulle vere på lufta samtidig, men leiinga i NRK skifta meining etter at dei laga ein pilot og fordelt rollar: Steinar Sagen som programleiar, Bjarte Tjøstheim som «sprø sidekick» og Tore Sagen som teknikar og «betrevitar». Etter å ha vore gjennom namn som Papaya, Tokyo, Bitteliten by og Radiohuset, blei dei einige om å kalle programmet for Radioresepsjonen. I plassen for å kalle programmet for eit humorprogram, laga dei sjangerbeskrivinga «lettbeint underhaldning», og dei laga læresetninga «en feit, en lang og en gammel mann prøver å lage radioprogram på P3». Programmet har hatt fleire lengre opphald, og har ein ny pauseperiode frå desember 2013 til hausten 2014.

Radioresepsjonen andre plassar enn på radio endre

I 2010 kunne ein sjå Radioresepsjonen på TV, i programmet Radioresepsjonen på TV. Dessutan har dei hatt fleire sceneshow, det fyrste på Quartfestivalen i 2006. I 2008 og 2009 var dei på Hovefestivalen med liknande show. Dei har tatt med «radioresepsjonens postkasse» (postkasse, postkasse) til scena, og i mai 2010, hadde dei show på Rockefeller i Oslo, der dei spelte jinglar saman med Kringkastingsorkesteret, og mellom anna Bjørn Eidsvåg, Ingrid Olava og Lene Elise Bergum.

Radiopratarane har skrive boka Den relativt store boka om Radioresepsjonen om programmet, og gitt ut DVD-en Den relativt store DVD-en om Radioresepsjonen, med klipp frå P3TV. I tillegg, var Radioresepsjonen det fyrste radioprogrammet i Noreg til å få sin eigen mobil-app, ein oneliner-app med korte vitsar som lyttarar har sendt inn til programmet.

Prisar endre

Radioresepsjonen har vunne prisen «Årets radionavn» under Prix Radio i 2008, 2009, 2010, 2012 og 2013, i tillegg til prisen for beste programleiar/programleiarteam i 2010, 2012 og 2013. Dei har òg vunne Ut-awards-prisen for «Beste radioprogram» i 2008 og 2011.

Kjelder endre