Radjasthani er ei gruppe indoariske dialektar som blir tala i Rajasthan og i tilstøytande delstatar i India, og av handelsfolk som reiser over heile landet.

Radjasthani
Rajasthani
Klassifisering Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   Sentral sone
    radjasthani
Bruk
Tala i Hovudsakleg India
Område Rajasthan, Gujarat, Haryana, Punjab og Madhya Pradesh
Radjasthanitalande i alt 36 millionar (folketeljing 2001)
Skriftsystem Devanagari
Språkkodar
ISO 639-2 raj
ISO 639-3 raj

Radjasthani kan delast inn i fire dialektgrupper:

  1. Marvari, vestlege målføre, snakka av om lag 2/3 av innbyggjarane i Rajasthan
  2. Austlege målføre: Djaipuri, haurati og adjmeri
  3. Nordaustlege målføre: Mevati og ahirvati
  4. Malvi, tala nordvest i Madhya Pradesh

Dialektane har tradisjonelt blitt rekna som ei form av hindi — i folketeljinga i 1971 blei halvparten av dei om lag 20 millionar talarane rekna som hinditalarar. Språkforskarar har likevel funne at språka skil seg frå hindi både fonologisk, morfologisk, syntaktisk og når det gjeld ordforråd.

Kjelder endre

  • G.A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.
  • Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff endre