Radoslav Zabavník
slovakisk fotballspelar
Radoslav Zabavník (fødd 16. september 1980 i Košice) er ein slovakisk fotballspelar som ha spela i forsvar for Mainz i tysk Bundesliga og på det slovakiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 16. september 1980 | ||
Fødestad | Košice i Tsjekkoslovakia | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Mainz | ||
Nummer | 8 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1988-98 | Košice | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-2002 2002-04 2004-05 2005-07 2008-09 2010- |
Košice Žilina CSKA Sofia Sparta Praha Terek Groznyj Mainz |
68 (9) 65 (9) 41 (7) 41 (1) 51 (1) 11 (0) | |
Landslag | |||
2003- | Slovakia | 52 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2010 |
Zabavník vart seriemeister i Slovakia med Žilina i 2003 og 2004. Han forlét Slovakia i 2004 for å dra til CSKA Sofia i bulgarsk fotball og har seinare spelt for Sparta Praha i Tsjekkia og Terek Groznyj i Russland. Terek sleppte Zabavník gratis etter 2009-sesongen, og han skreiv under for Mainz i februar 2010.
Zabavník debuterte for Slovakia sitt A-landslag i 2003, og passerte 50 landskampar i 2010. Han var med i Slovakia sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte frå start i tre av Slovakia sine fire kampar - to av gruppekampane og åttandedelsfinalen mot Nederland.