Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, omsetjar og forlagskonsulent fødd i Bergen.[1] Han har gjeve ut over 40 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe.[2] Hovland skriv på nynorsk. Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdistisk tilsnitt».[1] Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og blei gjeven Aschehougprisen 2012 for sin «fantastiske forfatterskap».[1]

Ragnar Hovland

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1952 (72 år)
Bergen
Yrke Forfattar
Periode 1979-
Sjanger barne- og ungdomslitteratur
Debut Alltid fleire dagar
Ragnar Hovland på Commons

Bakgrunn

endre

Ragnar Hovland var fødd i Bergen og voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn. Far hans var prest.[2] Han er dotterson til Bjørgvin-bispen og bibelomsetjaren Ragnvald Indrebø.[3]

Under gymnastida var Hovland i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo.

Forfattarskap

endre

Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Året etter gav han ut ei barnebok, Det får stå til.[1]

I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen.

Musikk

endre

Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane. Han har gjendikta Stephen Sondheims musikal Sweeney Todd til nynorsk. Teksten til Odd Nordstoga sin kjende «Kveldssong for deg og meg» er henta frå Hovland si diktsamling Elefantmusikk.[4]

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1986 – Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr (Bergen: Eide). ISBN 82-514-0191-7
  • 1998 – Detektivforteljing (Oslo: Samlaget)

I bøker - eit utval

endre
  • 1989 – Signaler '89 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-12026-8  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 1993 – Norske perler i prosa. 3. Noveller 1975-1993 (Oslo: Bokklubben kunnskap og kultur). ISBN 82-525-2537-7 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Dei siste beat-poetane i Midthordaland / Ragnar Hovland]
  • 1993 – Olympiske grener O.L. : 22 forfattere med originalskrevne noveller (Oslo: Tiden). ISBN 82-10-03681-5 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Då Ole Hagen viste kva utforer / Ragnar Hovland]
  • 1997 – Norske tekster : prosa etter 1900 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-16371-4  [Av innhaldet: Seinsommarnattsdraum / Ragnar Hovland]
  • 2006 – Passor: spøkelse : 15 nordiske grøss (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-6617-0  [Av innhaldet: Den nye guten / Ragnar Hovland]
  • 2006 – Signaler 2006 : Cappelens årlige debutantantologi (Oslo: Cappelen). ISBN 978-82-02-25784-2  [Inneheld tekst av Ragnar Hovland]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Ulven under senga / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Møtet med julenissen / Ragnar Hovland]
  • 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7179-2  [Av innhaldet: Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt. Kveldssong for deg og meg / Ragnar Hovland]
  • 2009 – Den beste låta (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-30040-1  [Av innhaldet: Når livet er fylt med mykje forvirring / Ragnar Hovland]
  • 2011 – Jeg fant, jeg fant! : dikt for barn (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: I mørke natt / Ragnar Hovland]
  • 2012 – Ler dei no, så har eg vunne : møte med Ragnar Hovland (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8133-3  [Forfattarar: Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Av innhaldet: Balladen om det store raset i Luster. Ein countryrockars draum. Første sommarferie. Hasta la victoria siempre, Einar Ø.! Horungavåg-spelet (eit innandørs utespel). Julekveld i skogen. Min veg til filmen. Noko fælt i vedskjulet. Siste båt til Vadheim. Sommarnatt. Stillferdige menn går i land. Å julegran / Ragnar Hovland]
  • 2015 – DUS, den unge scenen (Oslo: Transit). ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Julekveld / Ragnar Hovland]
  • 2021 – Bygd, bok og bre : den norske bokbyen i Fjærland 1996-2021 (Fjærland: Den norske bokbyen). ISBN 978-82-73-39055-4  [Redaksjon: Marit Aakre Tennø, Lisbeth Bekken, Marianne Paulsen Supphellen, Kjell Arve Straumsvåg. Av innhaldet: Ei storarta oppfinning / Ragnar Hovland]
  • 2023 – Eg vil vere her : dikt til trøyst (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234006319  [Redaktør: Olaug Nilssen. Inneheld dikt av Ragnar Hovland]

I tidsskrift - eit utval

endre

Prisar og utmerkingar

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ragnar Hovland», Store norske leksikon, 9. februar 2014, henta 6. mars 2017 
  2. 2,0 2,1 Finn Tokvam; Silje Martinsen Wettre (07.06.2012), Livet, Døden, Sognefjorden og Kjærleiken – Eit portrett av Ragnar Hovland 
  3. BlixBlog
  4. Øystein Espe Bae (2. august 2012): Nordstoga: Popmusikk er som slåttestev. Framtida
  5. «Ragnar Hovland fekk Aschehougprisen». bt.no. 30. august 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.