Ragnar Hvidsten

norsk fotballspelar

Ragnar Hvidsten (3. desember 192621. september 2016)[1] var ein norsk fotballspelar frå Sandar som spelte i angrep på Sandefjord Ballklubb og Skeid i 1940- og 50-åra. Han var med i 22 landskampar i tida 1950-55.

Ragnar Hvidsten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1926
Sandefjord kommune
Død

21. september 2016 (89 år)
Sandefjord kommune

Yrke fotballspelar

Hvidsten, som «fløt på sin ypperlige teknikk og store hurtighet», var angripsspelar på Sandefjord BK fram til hausten 1951. Åra 1952 og -53 gjorde han teneste i oslolaget Skeid, også det eit lag som deltok i Hovedserien. Frå våren 1954 var han tilbake i Sandefjord-drakta og var med då laget spelte NM-finale i 1957.

Hvidsten debuterte på Noregs landslag i ein vennskapskamp mot Jugoslavia i november 1950. Han skåra sitt fyrste landslagsmål i ein kamp mot Irland i mai 1951 og sitt andre og siste mål mot Island i juli same året. Saman med tidlegare klubbkamerat Thorbjørn Svenssen deltok han i Sommar-OL 1952 i Finland. Hans siste kamp av i alt 22 kampar med flagget på brystet kom under nordisk meisterskap mot Sverige i september 1955.

«Bedre enn de aller fleste norske wingløpere kunne han kunsten å gå til dødølinjen og derfra åpne forsvaret med en fiks sentring like utenfor målmannens rekkevidde», skriv Magnus Breili i Fotballboken.

Merittar endre

  • Tapande cupfinalist: 1957 med Sandefjord BK

Referansar endre

  1. Dødsannonse, Aftenposten. Besøkt 28. september 2016.

Kjelder endre