Ragnvald Brusesson

Ragnvald Brusesson (Rögnvaldr Brúsason) var jarl på Orknøyane, saman med farbroren Torfinn Sigurdsson, frå tida rett etter 1035 til han døydde omkring 1046.

Ragnvald Brusesson
Fødd 1011
Orknøyane
Død

1046 (35 år)
Papa Westray

Far Bruse Sigurdsson
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Norrøne kjelder endre

Livet hans er skildra mest detaljert i Orknøyingasoga[1] og han er nemnt i soga om Olav den heilage.[2] Dei norrøne sogene er rekna som usikre kjelder, då dei vart nedskrivne omkring 200 år i ettertid. Ein trur likevel at Orknøyingasoga gir truverdige opplysningar om dei viktigaste hendingane i livet til orknøyjarlane i tida etter år 1000, særleg der ein finn støtte frå samtidige skaldevers, slik som her i «Ragnvaldsdråpa» og «Torfinnsdråpa» av Arnor jarlaskald (sjå ref.) og «Kalvsflokk» av Bjarne Gullbrarskald (sjå ref.).

Familie endre

Ragnvald var son til orknøyjarlen Bruse Sigurdsson og farfar hans var Sigurd Lodvesson jarl (Sigurd Digre). Det er ikkje kjent kven mor hans var og heller ikkje når han vart fødd. Farbrørne hans var Sumarlide, Einar og Torfinn, men berre den sistnemnde levde på den tida då Ragnvald vart jarl. Skalden Arnor jarlaskald skal ha vore gift men ein slektning av Ragnvald. Han gjorde kanskje fleire dikt om Ragnvald, men berre to vers av arvekvadet «Ragnvaldsdråpa»[3] er kjent i dag.

Tora kongemor endre

Dei norrøne kjeldene er samde om at mor til kong Magnus Berrføtt (1073-1103) heitte Tora, men t.d. i Fagerskinna er ho kalla Arnesdotter og i Heimskringla Joansdotter. Det er ein usikker teori om at ho i røynda heitte Tora Ragnvaldsdotter og var dotter åt Ragnvald Brusesson jarl[4] og at ho var den same Tora som etter ætterekka «af en gl ætleg»[5][Note 1] var gift med Ljot jarl på Godøy. Teorien kan sannsynleggjerast ved at:

  • Tora må truleg ha vore fødd litt etter 1035, og på den tida var Ragnvald jarl i Noreg (saman med Magnus den gode).
  • når Sigurd Magnusson (Jorsalfare) vart sett til jarl over Orknøyane i 1098, hadde han ein viss legitimitet til tittelen, dersom Ragnvald Brusesson jarl var oldefar hans.

Liv og lagnad endre

Ragnvald blir nemnt første gongen i Orknøyingasoga[1] (kap. 17) då faren Bruse jarl og farbroren Torfinn jarl i tida omkring 1020 var hos kong Olav Haraldsson i Noreg for å få hjelp til å løyse usemja om korleis dei skulle dele styringa med Orknøyane, etter at Einar jarl (Vrangmunn) var død. Bistanden frå kong Olav gjekk vel ikkje heilt slik dei hadde tenkt seg då kong Olav tvinga dei to til å gjere eidane sine på at dei gav kong Olav overherredømet over jarleriket, og kongen kravde at ungguten Ragnvald Brusesson vart verande att i Noreg som gissel. I Orknøyingasoga blir Ragnvald ved dette høvet skildra som ein framifrå ven gut. Håret hans var stort og gult som silke, han var stor og sterk og hadde godt vit og høvisk framferd.

Gissel hjå kong Olav endre

Ragnvald vart verande lenge hjå kong Olav, og dei norrøne sogene gir oss det inntrykket at Ragnvald vart ven med kongen. Han drog i lag med kong Olav då han måtte røme or landet i 1028 og han var med i slaget på Stiklestad. Etter slaget drog han saman med Harald Sigurdsson (Hardråde) til Gardarike. Der kom han i teneste hos kong Jarisleiv[Note 2] i Holmgard (Novgorod) og vart landevernsmann hos han. Om dette nemner Arnor jarlaskald i Ragnvaldsdråpa:

Deildisk af, svát aldin
él grafninga þélar
gǫndlar Njǫrðr í Gǫrðum
gunnbráðr tíu háði.
Såleis gjekk det til
at kampdjerve krigar
på denne tida
ti slag heldt i Gardar

Ragnvald kom attende til Noreg saman med Magnus Olavsson (den gode) då han vart teken til norsk konge i 1035, og det var stort vennskap mellom dei. Det kom då tidendar om at faren, Bruse Sigurdsson jarl, var død, og Ragnvald reiste attende til Orknøyane for å krevje «odelen sin». Ved dette høvet blir det sagt i Orknøyingasoga[1] (kap. 21/22) at kong Magnus gav han tre skip, gav han jarletittel og den tredjeparten av øyane som kong Olav hadde eigd, slik at Ragnvald skulle styre over to tredjepartar.

Orknøyingasoga gir oss forståinga av at farbroren Torfinn jarl, heldt på at eiden til kong Olav var gjort under tvang og at han aldri hadde akseptert at den norske kongen hadde herredøme over jarleriket, medan det ser ut til at både Bruse jarl, og no Ragnvald jarl, stod ved eiden til kong Olav, og rekna seg som underlagt den norske kongen.

Attende på Orknøyane endre

På Orknøyane kravde Ragnvald to tredjepartar av øyriket, og Torfinn jarl gjekk med på å gi han det som han «eigde med rette»[1] (kap. 22) men gjorde det samstundes klart at han ikkje aksepterte at kong Magnus hadde noko råderett over øyane. I dei neste åtte åra samarbeidde dei og var i hærferd både i Irland, på Hebridane og i Skottland. Orknøyingasoga nemner eit slag i Vatsfjord (kanskje Loch Vatten på den skotske øya Skye). Slaget er òg nemnt i «Torfinnsdråpa»[6] (vers 13) av Arnor jarlaskald, og der fekk dei ein stor siger. Om vintrane sat dei i ro på Orknøyane og om sumrane låg dei ute i hernad, stundom kvar for seg.

I Noreg var Kalv Arnesson blitt uven med kong Magnus og han laut røme frå landet. (Soga om Magnus den gode, kap. 14). Truleg i 1036 kom han med mykje folk til Torfinn jarl på Orknøyane; Ingebjørg Finnsdotter, brordotter til Kalv, var kona til Torfinn jarl og det var stort vennskap mellom Kalv og Torfinn.

Kalv Arnesson heldt stort følgje hjå seg og det vart kostesamt for Torfinn jarl. Han gjorde då krav til Ragnvald jarl om at han måtte gi frå seg den tredjeparten som Einar Vrangmunn hadde hatt, og som den norske kongen meinte seg å råde over. Då vart det usemje mellom jarlane og Torfinn tok til å samle folk for «å hente med det harde det han ikkje fekk med det gode».

Ragnvald jarl drog då til kong Magnus i Noreg for å få hjelp, og ikkje lenge etter kom han attende til Orknøyane med ei stor og velrusta hær. Det kom då (omkring 1045) til eit stort slag ved «Raudebjerg»[Note 3] og Kalv Arnesson var med i hæren til Torfinn jarl. Arnor jarlaskald nemner slaget i «Torfinnsdråpa»[6] (versa 21 og 22) og Bjarne Gullbrarskald nemner slaget i «Kalvsflokk».[7] Det såg ei stund ut til at Ragnvald skulle få siger, men etter at Kalv Arneson kom til med styrken sin, vart overmakta for stor og Ragnvald flydde. Han drog straks til havs og segla aust til Noreg, der vart han verande ei tid hos kong Magnus. Torfinn jarl la då under seg alle øyane.

Siste ferda endre

Orknøyingsoga[1] (kap.27/28) fortel at «tidleg på vinteren» drog Ragnvald jarl attende til Orknøyane med eitt skip. Der fekk han samla seg folk og kom uforvarande på Torfinn jarl på «Rossøy» (no: Mainland). Mennene hans omkransa huset og sette eld på. Dei trudde at Torfinn hadde brunne inne, men han hadde likevel redda seg ut, saman med Ingebjørg, kona si, og kom seg usedd over til Caithness.

Ragnvald jarl la så under seg heile det riket som Torfinn hadde ått. Deretter tok han tilhald i Kyrkjevåg[Note 4] for å halde vintersete der. Litt før jul var Ragnvald jarl med stort følgje på «Litle Papøy» (Papa Stronsay).[Note 5] Der kom Torfinn jarl over dei, kringsette garden og ville brenne inne Ragnvald jarl. Ragnvald jarl kom seg likevel undan, men om litt fann dei han nede ved stranda og der vart han drepen. Det vart sagt at det var Torkjell Fostre som utførte drapet, for «det var ikkje nokon annan som ville».

Ettermæle endre

Liket av Ragnvald jarl vart ført til «Store Papøy» og gravlagt der.[Note 6][8] Det vart sagt om Ragnvald at han hadde vore ein av dei vensælaste og duglegaste av alle dei jarlane som dei hadde hatt på Orknøyane, og det var mange som sørgde over han. Ein seinare orknøyjarl, Kale Kolsson vart gitt namnet «Ragnvald» - fordi mor hans hadde sagt at Ragnvald Brusesson hadde vore den hævaste av alle Orknøyjarlane, og dei trudde det skulle følgje lukke med namnet hans[1] (kap. 61).

Ragnvald jarl var den første av orknøyjarlane som hadde tilhaldstad i Kirkwall (Kirkjuvagr). Ein reknar òg med at det var han som let bygge St Olav kyrkja[9] i Kirkwall.

Etter at Ragnvald var død, la Torfinn jarl under seg heile Orknøy-riket. Slik ein kan tolke Orknøyingasoga, må desse hendinga kunne tidfestast til vinteren 1046/1047, det siste året kong Magnus levde.

Notar endre

  1. Sitat frå Sunnmørsættlegg: Ljot Jarl, gift med dotter til Ragnald Jarl på Godøy, mor til Magnus Berrføtt.
  2. Jaroslav I - storfyrste av Kiev-riket i tida 1019-1054.
  3. Raudebjerg: i «Torfinnsdråpa» er òg nemnt fyr Rauðabjǫrgum og truleg var slagstaden ved Roberry Head på South Ronaldsay (ref.: The Northern Earldoms s.140).
  4. Dette er første referansen til Kirkwall (Kirkjuvágr) i Orknøyingasoga.
  5. Orknøyingsoga (kap. 29) fortel at dei skulle hente malt, som dei skulle ha å brygge av til jul.
  6. Han vart truleg gravlagt på Papa Westray og kanskje i St. Bonifatius kyrkja (ref.: The Northern Earldoms s.141).

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga um Olav den heilage Omsett av S. Schjött (1900) frå heimskringla.no
  3. Ragnvaldsdråpa Arkivert 2016-08-09 ved Wayback Machine. av Arnor jarlaskald Tordarsson
  4. I balansepunktet (Ugelvik Larsen og Sulebust 1994) side 213
  5. Borgund og Giske – bind 1 (Sunnmørsættlegg s. 204)
  6. 6,0 6,1 Torfinnsdråpa Arkivert 2016-08-09 ved Wayback Machine. av Arnor jarlaskald
  7. Kalvsflokk Arkivert 2016-10-02 ved Wayback Machine. av Bjarne Gullbrarskald (8. verset)
  8. St Boniface Kirk Papa Westray
  9. St Olaf’s Kirk orkneyjar.com

Bakgrunnsstoff endre

Referanseside Føregangar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Bruse Sigurdsson Ragnvald Brusesson
Samstyre med:
Torfinn Sigurdsson
Torfinn Sigurdsson -