Rago nasjonalpark
nasjonalpark i Nordland fylke, Noreg
Rago nasjonalpark er ein liten nasjonalpark som saman med dei svenske nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfallet utgjer eit verneområde på til saman 5 400 km².
Rago nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Sørfold | ||
Høgaste punkt | Ragotoppen | ||
• høgd | 1 312 moh. | ||
Areal | 171 km² | ||
Oppretta | 22. januar 1971 | ||
Rago nasjonalpark 67°26′00″N 15°59′00″E / 67.433333333333°N 15.983333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Rago National Park |
Rago nasjonalpark vart oppretta i 1971 og omfattar areal i Sørfold kommune i Nordland fylke.
Vern og bruk
endreFormålet med parken er å verne eit representativt urørt nordlandsk fjellandskap med eigenarta dyreliv i grenseområdet mot den svenske nasjonalparken Padjelanta.
Den naturlege innfartsåra for fotturistar er frå Lakshola via Storskogdalen til Storskogvatnet. Det er eit lite nettverk av merka stier egna for fjellvandring. To små ubetente hytter er opne for vandrarar.
Det er fin aure og røye i fleire av vatna i Rago, og det er mogleg å jakte småvilt i nasjonalparken.
Bakgrunnsstoff
endre- Verneforskrifta
- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Rago nasjonalpark. Arkivert 2006-12-10 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-03-01 ved Wayback Machine.