Opna hovudmenyen
Storforsen og austsida av Ragundasjön.

Ragundasjön var ein ca. 25 km lang innsjø som eksisterte fram til natt til 7. juni 1796. Innsjøen låg ved Hammarstrand i Ragunda kommun i Jämtland i Sverige. Delar av dagens Hammarstrand ligg no der det tidlegare var sjøbotn.

Natt til 7. juni 1796 vart heile Ragundasjön med sine 300 millionar m³, tømd på berre fire timar. Årsaka bak ein av dei vondaste naturkatastrofane i Sverige nokon gong var at Magnus Huss, òg kjent som Vildhussen, skulle leggje ei tømmerrenne forbi den 35 meter høge Storforsen (Gedungsen). Prosjektet bar gale avstad då bekken han hadde brukt for å spyle bort grus frå åskammen, skar gjennom heile åsen og tømde Ragundasjön. Ei enorm flodbølge fossa fram gjennom den nedre delen av Indalsälven, og øydela alt på vegen. Utruleg nok omkom ingen menneske.

Morgon etter var det, utanom den tomme innsjøen, tre andre merkbare endringar: Den 30 meter høge Storforsen, òg kalla Gedungsen, hadde stilna, og vorte til Döda Fallet; eit nytt fossefall, Hammarforsen, hadde oppstått kring ei mil lengre oppstraums; og sediment og jordmasser som vart skylt med langs Indalsälven samla seg i utløpet til elva nord for Sundsvall, og bidrog til danninga av det største kystdeltaet i Sverige, Midlanda, der Sundsvall-Härnösand Airport i dag ligg.

KjelderEndra