Ralf Bartels (fødd 21. februar 1978) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stavenhagen i Mecklenburg-Vorpommern som tevla i kulestøyt. Han vart europameister under EM i friidrett 2006 i Göteborg og tok sølvmedaljen i europameisterskapen 2010. I tillegg vann han to VM-bronsar og ein EM-bronse.

Ralf Bartels


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 21. februar 1978 (46 år)
Stavenhagen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Bartels innleia i 2002 ei fem år lang sigersrekke i kulestøyt i tyske friidrttsmeisterskap. Same sesongen vann han bronsemedaljen i øvinga under EM i friidrett 2002 i München. Året etter vart han nummer fem i VM 2003 i Paris/Saint-Denis, medan han vart åttandeman under Sommar-OL 2004 i Aten.

Den 29. mai 2005 i Schloss Engers forbetra han sin personlege rekord til 21,36 meter. Seinare i sesongen sikra han seg bronsemedaljen då kula under VM 2005 i Helsinki landa på 20,99 m. Toppforma heldt til neste sesong; ved europameisterskapen i Göteborg oppnådde han 21,13 m i siste forsøk og tok gullmedaljen etter å ha slått kviterussiske Andrej Mikhnevitsj med to cm.

Han vart så nummer sju under VM 2007 i Ōsaka. Sommarleikane 2008 i Beijing gjekk utan ein skadd Bartels. Under verdsmeisterskapen 2009 på tysk heimebane i Berlin lukkast han ta ein ny VM-medalje i bronse. I tredje omgangen forbetra han sin personlege rekord med ein centimeter til 21,37 m, einast verdsmeisteren Christian Cantwell frå USA og polske Tomasz Majewski sende kula lengre.

Under europameisterskapen 2010 i Barcelona tok Bartels sølvmedaljen med eit støyt på 20,93 m. Våren 2011 vann han EM innandørs i Paris med gode 21,16 m, men under VM i friidrett i Daegu enda han på tiandeplassen. Bartels makta ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i London i 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre