Ralph Myerz and the Jack Herren Band

Ralph Myerz and the Jack Herren Band er eit norsk electronicaband.

Ralph Myerz and the Jack Herren Band

Bandet under P3sessions 27. mai 2006 i Oslo.
Sjangerelectronica
PrisarAlarmprisen i elektronika, Alarmprisen i elektronika

Historie endre

Gruppa vart danna i 1997 då Erlend Sellevold spurte etter folk som ville spele slagverk saman med han på ein fest i Bergen. Thomas Lønnheim og Tarjei Strøm møtte opp via ein kombinasjon av felles vener og venskap frå vidaregåande. Dette skulle eigentleg vere eit eingongstilfelle, men dei hadde det så moro med å spele saman at dei bestemte seg for å danne eit band, og Ralph Myerz and the Jack Herren Band vart danna. Dei lanserte ein 7" og ein 12" på plateselskapet Tellé Records, som vart etterfylgt av ein del merksemd frå blad og DJ-ar rundt i Europa, inkludert Dimitri from Paris som brukte låten «Nikita» på ein av sine «Playboy Mansion CD-samlingar». I 2002 signerte Ralph Myerz ei kontrakt med det amerikanske plateselskapet Emperor Norton Records, og dei lanserte sin fyrste EP, A Special EP. Albumet A Special Album fylgde eit år seinare. Det inneheldt blant anna spora «Casino» og «Think Twice», som begge vart slagarar i klubbar rundt omkring i Europa, og kommersielt i Noreg, og gjekk rett inn på 2. plass på VG-lista Topp 20. I løpet av turnéane der dei promoterte albumet, slo gitarist Mads Berven seg saman med dei på liveshow.

I 2005 kom albumet Your New Best Friends, og vart godt moteke av kritikarar i Europa. Blad som Mixmag, Djmag og Sunday Times lovprisa det nye albumet som «Downtempo Heaven». Liveshowa deira fekk eit stort rykte på seg både i Noreg og resten av Europa om at dei kombinerte diverse slaginstrument og pyroteknikk. Medlemmene i bandets har uttala i mange intervju at dei er fans av rockegruppa KISS, og at dette har hatt stor innverknad på liveshowa deira. Namnet til bandet er teke frå B-filmregissøren Russ Meyer, og Jack Herren er ein fiktiv kameramann.

Både i 2004 og 2005 vann dei Alarmprisen i klassen elektronika.

Diskografi endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ralph Myerz and the Jack Herren Band