Ramsau am Dachstein

Ramsau am Dachstein, til dagleg Ramsau, er ein kommune i distriktet Liezen i delstaten Steiermark i Austerrike. Kommunen har vel 2 700 innbyggjarar (2011) og eit flatemål på i overkant 75 km².

Den evangeliske kyrkja i Ramsau, bygt 1887-95

Kommunen Ramsau am Dachstein, som ligg på eit fjellplatå, omfattar fleire landsbyar; Leiten, Rössing, Ramsau, Schildlehen, Vorberg og Hirzegg. Landsbyen Ramsau ligg 1 135 meter over havet.

Namnet Ramsau er første gong registrert stava som Ramsowe, i eit dokument frå ca 1120. Ramsau-platået høver godt til skisport, og har vorte eit senter for nordiske greiner i distriktet.

VM på ski i nordiske greiner i 1999 vart arrangert i Ramsau. Norske verdsmeistrar var Bjarte Engen Vik, som vart dobbeltmeister i kombinert, medan Bente Martinsen (seinare Bente Skari) vann 5-kilometer langrenn for kvinner.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre