Eric Randolph Barnes, kjend som Randy Barnes, (fødd 19. juni 1966) er ein USA-amerikansk tidlegare kulestøytar frå St. Albans i Vest Virginia som, etter å ha vunne OL-sølv i 1988 og seinare to VM-medaljar i øvinga, vart olympisk meister i 1996. Han vart i 1998 utestengd frå idrett på livstid, etter å ha vorte dømd for brot mot dopingreglane for andre gong. Barnes sin verdsrekord i kulestøyt på 23,12 meter frå 1990 gjeld også i 2017.

Randy Barnes


Statsborgarskap USA
Fødd 16. juni 1966 (57 år)
Charleston i Vest-Virginia
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

I april 1986 støytte Barnes heile 21,88 m under eit stemne i Waco. Ein fingerskade hindra han trene ei tid og det beste han makta i 1987 var 20,94 m. OL-sesongen 1988 sette han 24. april i Walnut personleg rekord med 22,11 meter. Han vann så den nasjonale OL-kvalifiseringa i Indianapolis med eit støyt på 21,88 m. Under sommarleikane 1988 i Seoul låg han på fjerdeplass med 21,31 m før den sjette og siste omgangen. Han smelte då til med 22,39 m og tok leiinga framfor austtyske Ulf Timmermann. Austtyskaren svarte då med å auke frå 22,11 m til 22,47 m og viste dermed Barnes til sølvplassen. I august 1989 forbetra Barnes sitt personbeste til 22,42 m.

Den 20. mai 1990 forbetra Barnes verdsrekorden i kulestøyt med seks centimeter til 23, 12 meter i Westwood i California, ein rekord som gjeld også i 2017. Seks dagar etter rekordstøytet landa kula på 23,10 meter i eit stemne i San Jose. 7. august same året vart han doping-avslørd under ei tevling i Malmö og stengd ute i over to år.

Barnes byrja tevle att i februar 1993 og vart USA-meister i juni månad. Under verdsmeisterskapen i Stuttgart vann han sølvmedaljen etter to støyt på 21,80 m, 17 cm bak sveitsaren Werner Günthör. I den neste verdsmeisterskapen, 1995 i Göteborg, støytte Barnes 21,30 m i kvalifiseringa. Trass i at han stoppa på 20,41 m i finalen vann han bronsen i ei heller svak kuletevling.

OL-sesongen 1996 var Barnes den suverent beste kulestøytaren i verda. Han vann den nasjonale meisterskapen i Atlanta 15. juni med 21,37 m, og stod i Rüdlingen i Sveits for årsbeste i verda med eit støyt som målte 22,40 m, over meteren lengre enn det nokon annan kulestøytar nådde i 1996. Under Sommar-OL i Atlanta vann han gullet med sine 21,62 m, 83 cm framom landsmannen John Godina på andreplassen.

Doping endre

Den 7. august 1990 testa Barnes positivt på det anabole steroidet methyltestosteron under ei tevling i Malmö og vart dømd til 27 månaders utestenging frå idretten. Tidleg i 1998 testa han positivt på stoffet androstenedione, og deretter utestengd på livstid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre