Rap metal

(Omdirigert frå Rapmetal)

Rapmetal er ein undersjanger av raprock og alternativ metal som kombinerer hip hop med heavy metal. Musikken består vanlegvis av heavy metal-gitarriff, element av funk metal, rappa vokal og stundom bruk av turntable. Omgrepet rapcore har òg blitt brukt om rapmetal.[3]

Anthrax var først ute med å blande thrash metal og rap i 1987 med den komiske singelen «I'm the Man».[4] I 1990 fekk Faith No More gjennombrotet sitt med singelen «Epic», ofte rekna som den første verkeleg suksessrike kombinasjonen av heavy metal og rap.[5] Dette bana veg for suksessen til eksisterande band som 24-7 Spyz og Living Colour, og nye artistar som Rage Against the Machine og Red Hot Chili Peppers, som alle blanda rock og hip hop.[4][6] Ein meir metallisk stil - nu metal - vart forfølgd av band som Limp Bizkit, Korn og Slipknot.[4] Seinare på tiåret gav denne stilen, som var ei blanding av grunge, punk, metal og platescratching, ei bølgje med suksessrike band som Linkin Park, P.O.D. og Staind, som ofte vart klassifiserte som rap metal eller nu metal.[7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Alternative Metal». AllMusic. Henta November 21, 2012. 
  2. Henderson, Alex. «Rap-Metal». AllMusic. Henta June 24, 2008. 
  3. Alex Henderson. «Primitive Epic - Bobaflex». AllMusic. Henta February 23, 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Rap-Metal», Allmusic, 15 October 2008, arkivert frå originalen 4. januar 2012, henta 23. september 2016 
  5. S. T. Erlewine, et al., "Faith No More", in Bogdanov et.al., 2002, s. 388–9.
  6. T. Grierson, "What Is Rap-Rock: A Brief History of Rap-Rock", About.com. Henta 22. september 2016.
  7. L. McIver, Nu-metal: The Next Generation of Rock & Punk (London, Omnibus Press, 2002), ISBN 0-7119-9209-6, s. 10.
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.