Opna hovudmenyen
Det etiopiske keisarflagget blir brukt som symbol av rastafarianarar.

Rastafariaisme, også kalla rastafari eller berre rasta, er ei religiøs, sosial og politisk rørsle som oppstod på Jamaica i 1930-åra.[1] Rørsla tek opp i seg element frå kristendommen, panafrikansk ideologi og ein draum om Afrika, og særleg Etiopia, som eit lova land for den afrikanske diasporaen.[2]

Rastafarianar med «dreadlocks».

Mange tilhengarar av rastafarirørsla ser den tidlegare keisaren av Etiopia, Halie Selassie I, som Jah eller Gud. Namnet Rastafari kjem frå kroningsnamnet til keisaren, Ras Tafari.[2]

KjelderEndra

  1. Kværne, Per; Winje, Geir (8. oktober 2018). «rastafari». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 «Rastafari | political and religious movement», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 15. april 2019 
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.