Ratonneau er ei av øyane i øygruppa Frioul i Middelhavet nær Marseille utanfor sørkysten av Frankrike. Ho er relativt lang og tynn, og er om lag 2,5 km lang, men ikkje breiare enn 500 meter. Ho er forbunde med den nærliggande øya Pomègues, som går om lag parallelt, via ein molo som vart konstruert i 1822 for å danne eit hamneområde.

Ratonneau
Stranda ved St Estève på søraustsida av Ratonneau
Stranda ved St Estève på søraustsida av Ratonneau
Geografi
Stad Middelhavet utanfor Marseille
Koordinatar 43°16′55″N 5°18′32″E / 43.28194°N 5.30889°E / 43.28194; 5.30889
Øygruppe Frioul

Administrasjon
Land Frankrike
Department Bouches-du-Rhône

Den romerske flåten som omleira Marseille i 49 fvt. ankra opp ved øya. Seinare vart øya nytta for å setje utanlandske sjømenn i karantene, særleg dei som hadde kolera. Det neoklassiske hôpital Caroline vart konstruert på austsida av øya i 1828 etter teikningar av Michel-Robert Penchaud, men vart delvis øydelagd av bombetokt under den andre verdskrigen.

På midten av øya ligg ei festning, og ei mindre festning ligg ved den vestlege enden. Den mindre øya If ligg mot søraust.

Øya har fleire strender, og i dag vert øya hovudsakleg vitja av turistar, som kjem hit med båtar frå Gamlehamna i Marseille om sommaren. Øya har turistrestaurantar, nokre suvenirbutikkar, ein brannstasjon og eit rådhus. Det er ikkje lov med motoriserte køyretøy.