Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om øya i Oslofjorden. For øyane i Antarktis, sjå Rauer i Antarktis.
Rauøy
Geografi
Norway - Rauer.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°13′40″N 10°41′51″EKoordinatar: 59°13′40″N 10°41′51″E

Areal 2,9 km²

Høgaste punkt 40 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Østfold

Rauøy eller Rauer er ei øy i Oslofjorden vest for Fredrikstad i Østfold. Ho har eit areal på 2,9 km² og det høgaste punktet er 40 meter over havet. Størstedelen av øya er i den særegne rombeporfyrkonglomerat.

Øya er eigd av Staten og Forsvaret. Her finn ein Rauøy fort, eitt av forta i Ytre Oslofjord Festning. 9. april 1940 vart Rauøy fort varsla om det tyske åtaket av oppsynsfartøyet Pol III. Fortet opna eld, men utan verknad. Det vart seinare angripe av tyske infanteristyrker og vart gjeve opp om ettermiddagen den 10. april. Dei tyske styrkane leid tap på Rauøy.