Raud Valallianse

tidligare norsk politisk parti

Raud Valallianse (RV) var eit norsk politisk parti frå 1973 til 2007. 10. mars 2007 vart det slått saman med AKP til det nye partiet Raudt. Det nye partiet heldt på namnet Raud Valallianse fram til etter Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007, fordi partiet elles etter vallova ville vera for nytt til å delta i val.

Raud Valallianse
LandNoreg
Partileiar(ar)Sigurd Allern
Grunnlagt1973
Nedlagt11. mars 2007
Etterfølgd avRaudt
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Raud Ungdom
Medlemstal1 400 (2002)
Ideologirevolusjonær sosialisme Sjå dette på Wikidata

RV starta som ein samanslutnad av Arbeidaranes Kommunistparti (Akp), uavhengige sosialistar og mindre sosialistiske og revolusjonære grupperingar som ikkje fullt ut anerkjende eller stolte på det parlamentariske systemet i Noreg, og difor ikkje ville stille til val med eigne organisasjonar. Samanslutnaden vart skipa i 1973, og fekk seinare gradvis fått meir og meir preg av ein fast partiorganisasjon med eigne medlemmer og samla partiprogram. I 1991 vart RV offisielt ein sjølvstendig medlemsorganisasjon, men hadde framleis tette band til Akp.

Under Stortingsvalet 2005 argumenterte RV med at det trongst ein venstreopposisjon viss det raudgrøne alternativet fekk regjeringsmakta. Likevel vart valet eit nederlag for partiet, og RV fekk ikkje representasjon på Stortinget.

Torstein Dahle var leiar i RV frå 2003 til 2007, og vart i 2007 vald som leiar for Raudt.

Ungdomsfylkinga til Raud Valallianse var Raud Ungdom. Raud Ungdom held fram som eigen organisasjon, og er no ungdomsorganisasjonen til Raudt.

Organisasjonane bak valalliansen endre

Bakgrunnen for at Akp skipa RV som ein eigen valfront var ei blanding av ei politisk strid som førte til at partiet ikkje kunne ta del i Sosialistisk Valforbund (seinare Sosialistisk Venstreparti, SV) og at reint valteknisk problematikk førte til at partiet ikkje kunne stille til val under nemninga AKP; årsaka var at det likna for mykje på AP (Arbeidarpartiet) og NKP (Norges Kommunistiske Parti).

Fram til slutten av 1990-talet støtta både Arbeidarmaktgruppa, Revolusjonært Forbund og Ml-gruppa Revolusjon opp om RV. Arbeidarmaktgruppa og Revolusjonært Forbund gjekk seinare i oppløysing, medan Ml-gruppa Revolusjon velde å avgrense støtta si til organisasjonen av di dei meinte at RV hadde slått inn på ei trotskistisksk line. Forbundet Internasjonalen var òg ein av stønadsspelarane til organisasjonen, men har i dei seinare åra nærma seg Sosialistisk Venstreparti (SV).

Oppslutnad endre

RV fekk første gong mandat til folkevalde organ i 1975 i kommune- og bystyra i Oslo, Trondheim, Tromsø og Odda, og hadde jamt stigande oppslutnad fram til Stortingsvalet 1997.

Til Stortingsvalet i 1989 stilte RV lister saman med mellom anna Norges Kommunistiske Parti (NKP) i Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet, utan å få nokon representantar. Etter Stortingsvalet i 1993 fekk RV for første gong eit stortingsmandat i Erling Folkvord frå Oslo, som òg var nestleiar i Akp. Han mista mandatet under valet i 1997, og sidan då var fylkesting dei høgste politiske institusjonane partiet var representert i. Etter valet i 2005 vart partiet møtt med sterk kritikk både utan- og innanfrå, og sette mellom anna i gang eit arbeid med å revidere prinsipprogrammet sitt. Revisjonen vart vedteken på landsmøtet i 2006.

Dei siste åra var RV representert i ei rekkje kommunestyre og fylkesting. Kommunane RV hadde størst oppslutnad i under valet i 2003 er Odda komumne, Vågan kommune, Risør kommune, Bergen kommune, Nøtterøy kommune og Kragerø kommune, der oppslutnaden var over 5% - i Odda låg han på heile 16,5 %.

RV fekk òg sin første ordførar i 2003, Kurt Olsen i Lødingen kommune, men Olsen var innvald på ei SV-liste. I Notodden kommune har Asgeir Drugli sidan 2003 vore varaordførar for Solidaritetslista, som var eit valsamarbeid mellom RV, SV og tidlegare medlemmer av Arbeidarpartiet.

Ved fylkestingsvalet i 2007 fekk RV 2,1 % av røystene i landet, og for første gong vart ein RV-representant ordførar då Knut Henning Thygesen vart direktevald i Risør kommune. Rett etter valet gjekk partiet offisielt inn i, og skifta namn til, Raudt.

Valresultat ved stortingsval 1973-2005 endre

Årstal Prosent av stemmene Antal stortingsrepresentantar
1973 0,4% 0
1977 0,6% 0
1981 0,7% 0
1985 0,6% 0
1989 ¹
1993 1,1% 1
1997 1,7% 0
2001 1,2% 0
2005 1,2% 0

¹ Dette året stilte ikkje Raud Valallianse til val som eige parti, men deltok i Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet.

Partileiarar endre

(1) Fram til 1979 var AKP-leiaren også leiar i RV.

Bakgrunnsstoff endre