Raudstjertar
Blyraudstjert, Rhyacornis fuliginosa
Blyraudstjert, Rhyacornis fuliginosa

Raudstjertar er ei samling av sporvefuglar med 'raudstjert' i artsnamnet i slektene Phoenicurus, Chaimarrornis og Rhyacornis. Dei har utbreiing i «den gamle verda».

Phoenicurus er sjølve raudstjertslekta med arten raudstjert, Phoenicurus phoenicurus, og ti andre artar. Dei to slektene Chaimarrornis og Rhyacornis er mykje nærskylde og har vore kalla vassraudstjertar, engelsk 'water-redstarts'. Det har vore framlegg om å slå saman desse tre slektene til ei gruppe med 14 artar, men det er ikkje eit akseptert takson.[1] Karakteristisk for mange i denne gruppa er lang, raud stjert og dirrande rørsler med stjerten. Desse fuglane er insektetarar og søkjer føda langs bakken. Dei nordlege artane er trekkfuglar.

Det har ikkje vore semje om kva familie denne gruppa høyrer til. Tidlegare var det vanleg å rekne dei i trastefamilien, i dag mest vanleg i flugesnapparfamilien, Muscicapidae, underfamilie Saxicolinae. Saxicolinae samlar i tillegg fleire kladar av buskskvettar og slekta Oenanthe, steinskvettar.

Endå ein art i flugesnapparfamilien ber fellesnamnet 'raudstjert'. Det er arten vifteraudstjert, Hodgsonius phaenicuroides, men han er ikkje nært knytt til dei andre raudstjertane innan denne gruppa og sannsynlegvis heller ikkje til underfamilien Saxicolinae.

Artslista endre

Slektene Phoenicurus, Chaimarrornis og Rhyacornis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Hoyo, Josep del; Andrew Elliott; Jordi Sargatal; José Cabot (1992). Handbook of the Birds of the World 10. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 8487334725. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)