Opna hovudmenyen

Rauno Miettinen (fødd 25. mai 1949) er ein finsk, tidlegare kombinertløpar frå Kuopio. Han vann sølvmedaljen i kombinert under OL 1972 i Sapporo, og i VM 1978 i Lahti. Dessutan har han eit VM-sølv frå lagtevlinga under ski-VM 1982. Miettinen er ein av fire utøvarar som har vunne fem kombinert-sigrar i Holmenkollen.

Rauno Miettinen
Fødd 25. mai 1949
Kuopio
Yrke skihoppar, kombinertløpar

AktivEndra

Miettinen vart europameister i kombinert for juniorar både i 1968 og 1969. Han imponerte stort med ein andreplass i Lahti-spelen i 1968. Endå meir oppsikt vekte han i 1969, då han vann kombinertrennet i Holmenkollen med stor margin til olympiameisteren Franz Keller, som vart nummer to. Gjennom 1970-sesongen fekk han med seg tre fjerdeplassar; i ski-VM i Štrbské Pleso, i Lahti og i Holmenkollen.

Både i 1971 og 1972 vann Miettinen kombinert i Holmenkollen. I vinterleikane 1972 tok han sølvmedaljen, bakom Ulrich Wehling frå Aust-Tyskland. På heimebane i Lahti-spelen vart han i OL-året nummer tre, også her bakom austtyskarar; Karl-Heinz Luck og Hans Hartleb. Også i 1973 kom han på tredjeplass i Lahti, bak Hartleb og Wehling, men han revansjerte seg og sikra seg sin tredje siger på rad i Holmenkollen. Året etter kom han for tredje året på rad på tredjeplass i Lahti, og vart nummer seks i ski-VM i Falun.

I 1975 vart Miettinen nummer to i Holmenkollen, men var langt bak vinnaren, Ulrich Wehling. Under vinter-OL 1976 i Innsbruck hamna Miettinen på fjerdeplassen. Derimot sigra han same året i kombinertrenna i både Lahti og i Holmenkollen, begge stadene framom norske Tom Sandberg. Ingen av dei sterke austtyskarane deltok korkje staden. Det gjorde dei derimot sesongen etterpå, og viste Miettinen til andreplassen i begge tevlingane. Konrad Winkler vann i Lahti, Wehling i Holmenkollen.

Miettinen tok sølvmedaljen i kombinert i ski-VM 1978 i Lahti, der sigerspallen var den same som i kombinertrennet året før; Winkler verdsmeister, Miettinen sølv og Wehling bronse. I Holmenkollen sikra Miettinen i 1978 sin femte siger i Holmenkollen, medan han vart nummer tre i Svenska skidspelen i Falun. I 1979 kom han på tredjeplass i Lahti-spelen og på andreplass i Holmenkollen.

Miettinen vart nummer ti i kombinert i ski-VM 1982 i Oslo. I same meisterskapen var han med på Finlands lag som tok bronsemedaljen i den aller fyrste meisterskapstevlinga for nasjonslag. Same sesongen gjekk han heilt til topps i kombinertrennet i Lahti. Under OL 1984 i Sarajevo vart Miettinen nummer fire, nett som i VM 1970 og OL 1976. Nokre veker etter dei olympiske leikane vann han kombinertøvinga i Svenska Skidspelen i Falun, med den ferske olympiameisteren Tom Sandberg på andreplass. Midt i mars månad 1984 avslutta Miettinen si tid som aktiv kombinertløpar i Rovaniemi. Der vart verdsmeisterskapen for lag avvikla og Finlands tre utøvarar; Miettinen, Jukka Ylipulli og Jouko Karjalainen tok VM-sølvet.

Miettinen vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1972, saman med Magne Myrmo.

KjelderEndra