Ray Thomas
Ray Thomas (29. desember 1941–4. januar 2018)[1] var ein engelsk musikar som var best kjend som fløytist, songar og låtskrivar i rockebandet The Moody Blues.
Ray Thomas | |
![]() Ray Thomas, 1970 | |
Fødd | 29. desember 1941 |
---|---|
Fødestad | Stourport-on-Severn i England |
Død | 4. januar 2018 (76 år) |
Dødsstad | Surrey |
Fødenamn | Ray Thomas |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1960–2002 |
Instrument | Fløyte, munnspel, obo, saksofon, tamburin, vokal |
Stemmetype | baryton |
Tilknytte artistar | The Moody Blues, El Riot and the Rebels, Krew Cats |
Verka som | Songar, låtskrivar, fløytist |
Thomas var fødd i Stourport-on-Severn i Worcestershire vest i England. Han byrja å synge i ungdomskor tidleg i 1960-åra. Han starta også å spele munnspel i lag med bassgitarist og framtidig Moody Blues-medlem John Lodge i eit band. Dei to spelte i lag i El Riot and the Rebels. Etter nokre år vart klaverspelar og ven Mike Pinder, som òg spelte i Moody Blues, med i bandet òg. Thomas og Pinder (utan Lodge) spelte seinare i bandet Krew Cats. Dette bandet utvikla seg til den første inkarnasjonen av The Moody Blues.
I 1974 tok bandet ein pause og alle medlemmane laga soloalbum. Thomas gav ut albuma From Mighty Oaks (1975) og Hopes Wishes and Dreams (1976). Bandet gav i 1978 ut albumet Octave. Thomas medverka mindre og mindre utover i 1980-åra, og medverka ikkje i det heile til albumet Sur La Mer, sjølv om han var omtalt i plateomslaget.
Thomas trekte seg frå bandet i 2002.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Ray Thomas» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.
- ↑ «The Moody Blues founding member Ray Thomas has died, aged 76 - NME». 7. januar 2018. Henta 11. januar 2018.