Raymond Hecht (fødd 11. november 1968) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Gardelegen i Sachsen-Anhalt. Han var i tida 1993-2002 ein verdas beste spydkastarar, med eit kast på 92,60 meter frå 1995 tysk rekordhaldar i 22 år og bronsevinnar i øvinga under EM 1998.

Raymond Hecht
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 11. november 1968 (55 år)
Gardelegen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Hecht vart austtysk meister i spydkast 1990, sidan vann den han tyske meisterskapen i øvinga åra 1993, 1994, 1996, 1999 og 2002. I juli 1995 kasta han spydet heile 92,60 m i eit stemne på Bislett stadion i Oslo, tysk rekord fram til Thomas Röhler sletta rekorden den 5. mai 2017.

Perioden 1994-2002 var Hecht mellom dei seks beste i åtte av dei ni store meisterskapstevlingane. Einast ved europameisterskapen 1998 i Budapest lukkast han vinne ein medalje gjennom bestekastet på 86,63 m. Kastet gav han bronsen, medan Steve Backley og Mick Hill syrgde for britisk dobbelsiger. Tre gongar enda Hecht på fjerdeplass og fire gongar vart han femtemann.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre