Raytheon
Raytheon Company er eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda er utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon er den største produsenten i verda av styrte missil.[1]
Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Det noverande namnet vart teken i bruk i 1959. Selskapet har rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[2]
Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[3] Dei hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før dei flytta til Lexington.
ProduktEndra
MissilEndra
Kjende missil frå selskapet:
- AGM-65 Maverick
- AGM-88 HARM
- AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile)
- AGM-154 Joint Standoff Weapon
- AIM-7 Sparrow
- AIM-9 Sidewinder
- AIM-120 AMRAAM
- BGM-109 Tomahawk
- MIM-23 Hawk
- MIM-104 Patriot
- RIM-7 Sea Sparrow
- RIM-162 ESSM
KjelderEndra
- ↑ Arkivert 11. februar 2012 på Wayback Machine.
- ↑ «Defense News Top 100». 2007.
- ↑ Arkivert 12. oktober 2008 på Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Raytheon» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2017.