Opna hovudmenyen

Real Zaragoza er ein spansk fotballklubb som høyrer heime i Zaragoza, i regionen Aragon. Klubben vart skipa 18. mars 1932. Klubbstadion La Romareda kan ta mot 34 596 tilskodarar.

Real Zaragoza
Fullt namnReal Zaragoza, S.A.D
KallenamnLos Maños
Los Blanquillos
Grunnlagd18. mai 1932
HeimebaneLa Romareda
(kapasitet: 34 596)
PresidentChristian Lapetra
HovudtrenarVíctor Fernández
LigaSegunda División
NettstadHeimeside
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben har dei fleste sesongane delteke i La Liga, med har sidan 2013 spelt i andre divisjon. Real Zaragoza vann Cupvinnarcupen 1995 etter å ha slått Arsenal 2-1 i finalen på Parc des Princes i Paris, der midtbanespelaren Nayim avgjorde kampen i det 120. minutt med ei skåring frå over 50 meters hald. Klubben har vunne den spanske cupen, Copa del Rey, seks gongar. I La Liga er andreplassen i 1975 den aller beste plasseringa. Real Zaragoza spelte seg fram til finalen i Messebycupen i 1964 og 1966, og sigra i den fyrste og tapte den andre.

Laget stiller vanlegvis i kvite skjorter og strømper, buksene er kongeblå.

MerittarEndra

  • Cupvinnarcupen: 1995 (1)
  • Messebycupen: 1964 (1)
  • Copa del Rey: 1965, 1966, 1986, 1994, 2001, 2004 (6)

KjelderEndra