Opna hovudmenyen
Reality
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 16. september 2003
Innspelt The Looking Glass Studios i New York City
Sjanger Rock
Lengd 49:25
Selskap Iso/Columbia
Produsent Tony Visconti, David Bowie
Kritikk
David Bowie-kronologi
Best of Bowie
(2002)
Reality Live Santa Monica '72
(2008)


Reality er eit album av den britiske musikaren David Bowie som kom ut i 2003 på Bowie sitt Iso-selskap i samarbeid med Columbia Records.

Albumet vart gjeven ut i fleire format. Standardutgåva var ein enkel CD-versjon, etterfølgda av ein CD med tre bonusspor i digipak-format. Albumet vart så gjeven ut i ein fleirkanals hybrid SACD, og so med ein bonus-DVD spelt inn i London.[6]

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «New Killer Star»    4:40
2. «Pablo Picasso»  Jonathan Richman 4:06
3. «Never Get Old»    4:25
4. «The Loneliest Guy»  David Strong 4:11
5. «Looking for Water»    3:28
6. «She'll Drive the Big Car»    4:35
7. «Days»    3:19
8. «Fall Dog Bombs the Moon»    4:04
9. «Try Some, Buy Some»  George Harrison 4:24
10. «Reality»    4:23
11. «Bring Me the Disco King»    7:45
Bonusspor
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Fly»    4:10
2. «Queen of All the Tarts (Overture)»    2:53
3. «Rebel Rebel» (2002-utgåve)   

DVD-utgåveEndra

DVDen inneheldt ein promokonsert der heile albumet vart spelt live song for song. Dette vart spelt inn i Riverside Studios i Hammersmith i London den 8. september 2003. Konserten vart sendt live til kinosalar over heile verda. På den vanlege CDen vart The Kinks-songen «Waterloo Sunset» gjeven ut som eit bonusspor med denne utgåva. På den kanadiske utgåva var DVDen korta ned til berre fem spor, medan den japanske utgåva ikkje inneheldt «Waterloo Sunset» som bonus.

DualDisc-utgåvaEndra

Ei DualDisc-utgåve vart gjeven ut i Boston- og Seattle-området i USA. CD-sida inneheldt albumet, medan DVD-sida inneheldt albumet i 5.1 kringlyd og bonusmateriale (biletgalleri, tekstar, biografi og diskografi). Her finst òg den elles utilgjengelege Reality-filmen med videoar av «Never Get Old», «The Loneliest Guy», «Bring Me the Disco King» og «New Killer Star». Om lag eit halvt år seinare vart denne utgåva gjeven ut i heile USA og Canada.

MedverkandeEndra

Andre medverkandeEndra

  • Matt Chamberlain – trommer på «Bring Me the Disco King» og «Fly»
  • Tony Visconti – bass, gitar, tangentinstrument, vokal
  • Mario J. McNulty – perkusjon og trommer på «Fall Dog Bombs the Moon»
  • Carlos Alomar – gitar på «Fly»

ListerEndra

År Liste Plassering
2003 Tsjekkia 1
Danmark 1
Austerrike 3
Frankrike 2
Tyskland 3
Hellas 2
Italia 4
Portugal 2
Russland 2
Noreg 2
Storbritannia 3
Billboard 200 29
Euro-lista 1

KjelderEndra