Realpolitikk er politikk som i motsetnad til idépolitikk søkjer å nå dei overordna måla sine gjennom kompromiss som er baserte på praktiske vurderingar og vurdering av makt, i motsetnad til ideal, moral og prinsipp.

Viss ein som politikar har ein realpolitisk eller pragmatisk tilgang til politikk, vil det altså seie at ein er innstilt på at ein ikkje kan få gjennom alle synspunkta sine, men at ein som ledd av eit kompromiss må gje avkall på noko, på same måte som dei andre partia innanfor kompromisset. Realpolitikk vert brukt i større grad enn elles innanfor diplomatiet og utanrikspolitikken, der ein stat som brukar realpolitikk gjerne er einsidig oppteken av eigne nasjonale maktpolitiske interesser, og dyrkar desse på ein effektiv og omsynslaus måte. Det motsette av realpolitikk er moralpolitikk eller ideologisk politikk, som den amerikanske presidenten Jimmy Carter er rekna som den fremste talsmannen for.

Den tyske rikskanslaren Otto von Bismarck sine ord frå 1867 om politikk, «kunsten om det moglege», uttrykkjer kort og klart kva realpolitikk inneber. Føregangsmenn innanfor realpolitikk er mellom andre Niccolò Machiavelli, Armand-Jean du Plessis de Richelieu, Klemens von Metternich og Otto von Bismarck. I nyare tid har den amerikanske tryggleiksrådgjevaren og utanriksministeren Henry Kissinger vorte sett på som ein talsmann for realpolitikk.

Kjelder endre