Opna hovudmenyen
Red Rubber Ball
Singel av The Cyrkle
frå albumet Red Rubber Ball
Utgjeve 4. april 1966
Sjanger Pop
Lengd 2:22
Låtskrivar(ar) Paul Simon / Bruce Woodley

«Red Rubber Ball» er ein popsong som vart ein hit (andreplass på Billboard Hot 100 i USA og toppen av RPM 100 i Canada)[1] for The Cyrkle i 1966.

Songen vart sungen frå perspektivet av ein mann som nettopp har enda eit forhold, der kvinna aldri gav han merksemd eller kjærleik. Han ser no på framtida med ei positiv halding.

Han vart skriven av Paul Simon (frå Simon and Garfunkel) og Bruce Woodley (frå The Seekers). I følgje Cyrkle-gitaristen Tom Dawes, tilbaud Simon songen til The Cyrkle då dei varma opp for Simon and Garfunkel på ein turné.[2][3] Songen vart spelt inn i stereo, med bass, sologitar og perkusjon i høgresporet og akustisk gitar og elektrisk orgel i det venstre, medan vokalen var i begge.

The Seekers spelte òg inn «Red Rubber Ball» for albumet Come the Day (i USA Georgy Girl) i 1966. Denne finst på 'Disc Three – 1966 – 1967' av samleboksen The Seekers Complete.

I eit intervju på The Colbert Report sa Paul Simon at han skreiv «Red Rubber Ball» medan han budde i England for å få eit forskot på £100 frå The Seekers. Dette var eit svar på på spørsmålet frå Colbert om han kunne nemne ein song som berre så vidt kom med i songboka Lyrics 1964–2008.[4]

Andre versjonarEndra

KjelderEndra