Red av King Crimson

studioalbum av King Crimson
Red
Studioalbum av King Crimson
Språk engelsk
Utgjeve 6. oktober 1974
Innspelt
  • 30. juni (live)
  • Juli og august 1974 (studio)
Studio Olympic Studios i London i England
Spelestad Palace Theater i Providence i Rhode Island
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:54
Selskap
Produsent King Crimson
King Crimson-kronologi 
Starless and Bible Black
(1974)
Red USA
(1975)


Red er det sjuande studioalbumet til progrockgruppa King Crimson, utgjeve 6. oktober 1974. Det var det siste studioalbumet deira i 1970-åra før bandleiar Robert Fripp la ned gruppa for ei stund.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA–[2]
Mojo5/5 stars[3]
Pitchfork9.0/10[4]

Tittelsporet vart rangert på 87. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[5]

Produksjon endre

David Cross forlet King Crimson i 1974 og gruppa vart redusert til ein trio med Robert Fripp, John Wetton og Bill Bruford. Trioen spelte inn Red med hjelp av Cross og dei tidlegare bandmedlemmane Ian McDonald og Mel Collins. Fripp la ned King Crimson den 24. september 1974 og albumet kom ut seinare det året utan påfølgjande turné.

Sjølv om albumet musikalsk hadde likskapar til føregangaren Starless and Bible Black, vart Red produsert på ein heilt annan måte enn tidlegare King Crimson-album. Til dømes, medan akustisk gitar er eit dominerande instrument på det førre albumet, kan ein på Red berre høyre det i nokre få takter på «Fallen Angel». I motsetnad til tidlegare King Crimson-album nytta bandet fleire spor med gitar på Red. Seinare album mangla akustisk gitar fullstendig og nytta minimalt med ekstra gitarspor, sjølv om bandet seinare hadde to gitaristar.

Albumet opnar med tittelsporet, ein drivande hardrock-instrumental. Stykket skifta takt fleire gonger og har mellom anna 5/8, 7/8 og 4/4. Han har òg ein seksjon med cello.

Det fjerde sporet på albumet, «Providence», er eit konsertopptak frå Palace Theatre i Providence i USA, den 30. juni 1974. Charles Snider referer til stykket som ein «svanesong», og skriv at «'Providence' pakkar nesten alt improvisasjonstilknytt frå dei siste to albuma inn i desse åtte minutta.»[6] Ein lengre, uavkorta versjon av stykket finst på konsertalbumet The Great Deceiver.

Teksten og melodien for «Starless» vart skriven av John Wetton. Songen var opphavleg meint som tittelsporet for det førre albumet deira, Starless and Bible Black. Fripp og Bruford mislikte i starten songen og ville ikkje ha han med på albumet. I staden valde gruppa eit instrumentalt stykke som tittelspor for Starless and Bible Black. «Starless» vart likevel henta fram att seinare, med endra tekst og ein lang instrumental del (basert på eit bassriff som Bruford kom med). Stykket vart framført på konsertar mellom mars og juni 1974. For innspelinga av Red vart teksten igjen endra (med bidrag frå Richard Palmer-James). Det stemningsskapande temaet i introduksjonen, som hovudsakleg kom frå og vart spelt av David Cross, vart teken over av gitar, og Fripp gjorde små endringar i melodien. Sidan tittelen «Starless and Bible Black» alt var nytta, fekk dette stykket tittelen «Starless».

Mottaking endre

Plata låg ei veke på den britiske albumlista, på ein 45. plass, medan alle dei førre studioalbuma til bandet hadde nådd Topp 30. I USA nådde albumet 66. plass på Billboard 200. Albumet har derimot vorte verande populært hos både kritikarar og tilhengjarar.

Platemeldingar som har kome i ettertid har vore nesten utelukkande positive. Allmusic meiner Red var svakare enn dei to førre albuma, men likevel eit overlegent stykke arbeid.[1] Robert Christgau hylla òg albumet og kalla det «Storslått, mektig, skrikande og overraskande lyrisk» og sa vidare at «Dette gjer for klassisk-rock-blandinga det John McLaughlin sitt Devotion gjorde for jazz-rock-blandinga»[2]

Ettermæle endre

I 2001 kåra magasinet Q Red til eit av dei «50 tyngste albuma gjennom tidene»,[7] og Kurt Cobain har omtalt albumet som ei stor inspirasjonekjelde.[8][9] Musikkforskarane Eric Tamm og Edward Macan reknar begge Red, og særleg sporet «Starless», for å vere høgdepunktet av det King Crimson har gjeve ut.

Pitchfork rangerte Red på 72. plassen på lista si over dei 100 beste albuma i 1970-åra og skreiv «For eit band som heilt opplagt var på veg til oppløysing, høyrest lyden til King Crimson merkverdig samstemt ut. På Red oppnådde ein merkverdig ballanse mellom beinknusande brutalitet og intellektuell kompleksitet.»[10]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Red»Robert Fripp6:16
2.«Fallen Angel»Fripp, Palmer-James, Wetton6:03
3.«One More Red Nightmare»Fripp, Wetton7:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Providence»Bruford, Cross, Fripp, Wetton8:10
5.«Starless»Bruford, Cross, Fripp, Palmer-James, Wetton12:16

40-årsjubileumsutgåva frå 2009 endre

Plate ein - CD - Originalalbum - bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Red» (Originalalbum)Robert Fripp6:20
2.«Fallen Angel» (Originalalbum)Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James6:00
3.«One More Red Nightmare» (Originalalbum)Fripp, Wetton7:07
4.«Providence» (Originalalbum)David Cross, Fripp, Wetton, Bill Bruford8:08
5.«Starless» (Originalalbum)Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James12:18
6.«Red» (bonusspor - Trioversjon med pre-overdub)Fripp6:27
7.«Fallen Angel» (bonusspor - Trioversjon med pre-overdub instrumental)Fripp, Wetton6:26
8.«Providence» (bonusspor - uredigert konsertopptak frå The Great Deceiver)Cross, Fripp, Wetton, Bruford10:09
Plate to - DVD-A (ymse miksar, bonusspor og video)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Red» (Originalalbum [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)])Robert Fripp6:20
2.«Fallen Angel» (Originalalbum [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)])Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James6:00
3.«One More Red Nightmare» (Originalalbum [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)])Fripp, Wetton7:07
4.«Providence» (Originalalbum [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)])David Cross, Fripp, Wetton, Bill Bruford8:08
5.«Starless» (Originalalbum [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)])Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James12:18
6.«Red» (bonusspor [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)] - Pre-overdub trio version)Fripp6:27
7.«Fallen Angel» (bonusspor [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)] - Pre-overdub trio version instrumental)Fripp, Wetton6:26
8.«Providence» (bonusspor [MLP Lossless Stereo (24/96) / PCM Stereo 2.0 (24/48)] - Unedited live version taken from The Great Deceiver)Cross, Fripp, Wetton, Bruford10:09
9.«Red» (Originalalbum [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround])Robert Fripp6:20
10.«Fallen Angel» (Originalalbum [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround])Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James6:00
11.«One More Red Nightmare» (Originalalbum [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround])Fripp, Wetton7:07
12.«Providence» (Originalalbum [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround])David Cross, Fripp, Wetton, Bill Bruford8:08
13.«Starless» (Originalalbum [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround])Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James12:18
14.«Red» (bonusspor [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround] - Pre-overdub trio version)Fripp6:27
15.«Fallen Angel» (bonusspor [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround] - Pre-overdub trio version instrumental)Fripp, Wetton6:26
16.«Providence» (bonusspor [MLP Lossless 5.1.-kringlyd / DTS 5.1 Digital Surround] - Unedited live version taken from The Great Deceiver)Cross, Fripp, Wetton, Bruford10:09
17.«Larks' Tongues in Aspic: Part II» (videoinnhald - Audio: Mono - ORTF TV studio, Paris, Frankrike, 22. mars 1974)Fripp 
18.«The Night Watch» (videoinnhald - Audio: Mono - ORTF TV studio, Paris, Frankrike, 22. mars 1974)Fripp, Wetton, Palmer-James 
19.«Lament» (videoinnhald - Audio: Mono - ORTF TV studio, Paris, Frankrike, 22. mars 1974)Fripp, Wetton, Palmer-James 
20.«Starless» (videoinnhald - Audio: Mono - ORTF TV studio, Paris, Frankrike, 22. mars 1974)Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James 

Dobbelutåve frå 2013 endre

Plate ein frå 2013 - Originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva - bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Red» (originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva)Robert Fripp6:20
2.«Fallen Angel» (originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva)Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James6:00
3.«One More Red Nightmare» (originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva)Fripp, Wetton7:07
4.«Providence» (originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva)David Cross, Fripp, Wetton, Bill Bruford8:08
5.«Starless» (originalalbum frå 1974, master frå 30-årsjubleumsutgåva)Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James12:18
6.«Providence» (bonusspor - uredigert konsertopptak frå The Great Deceiver)Cross, Fripp, Wetton, Bruford 
7.«Starless» (bonusspor - konsertopptak)Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James 
Plate to frå 2013 - stereomiks frå 2013 - bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Red» (stereomiks frå 2013)Robert Fripp6:20
2.«Fallen Angel» (stereomiks frå 2013)Fripp, John Wetton, Richard Palmer-James6:00
3.«One More Red Nightmare» (stereomiks frå 2013)Fripp, Wetton7:07
4.«Providence» (stereomiks frå 2013)David Cross, Fripp, Wetton, Bill Bruford8:08
5.«Starless» (stereomiks frå 2013)Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James12:18
6.«Red» (bonusspor - trioversjon med pre-overdub)Fripp 
7.«Fallen Angel» (bonusspor - trioversjon med pre-overdub)Fripp, Wetton, Palmer-James 

Medverkande endre

Andre medverkande
Teknisk

Salslister endre

Liste (1974) Plassering
US Billboard 200[12] 66

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Eder, B. (2011). «Red – King Crimson | AllMusic». allmusic.com. Henta 20. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 20. oktober 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Barnes, Mike (November 2009). «Royal Flush». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 106. ISSN 1351-0193. 
  4. Sodomsky, Sam (10. september 2017). «King Crimson: Red». Pitchfork. Henta 10. september 2017. 
  5. Rolling Stone – The 100 Greatest Gitar Songs of All Time. Henta 14. juni 2012 "‘I'm not a blues gitarist’, Robert Fripp said in 1995, 'but I think I've met the spirit of the blues several times.' This is one of them: blunt-instrument funk in which Fripp, leading a power-trio Crimson, jars the mathematical cadence of his riffing with a wrecking-ball swing and rude pig-squeal harmonics."
  6. Snider, Charles (2008). The Strawberry Bricks Guide to Progressive rock. Lulu. s. 181. ISBN 978-0-615-17566-9. 
  7. 50 Heaviest Albums of All Time
  8. Interview with Robert Fripp
  9. Interview with Bill Bruford (in italian)[daud lenkje]
  10. Pitchfork – Top 100 Albums of the 1970s. Henta 20. oktober 2019.
  11. «Red – The Long View». DGM Live (på engelsk). 3. november 2016. Henta 25. oktober 2017. 
  12. "King Crimson Album & Song Chart History" Billboard 200 for King Crimson. Prometheus Global Media. Henta 14. november 2017.

Bakgrunnsstoff endre