Ein redningsstasjon var landbaserte stasjonar som dreiv sjøredning. Dei norske stasjonane vart oppretta på grunn av mange forlis som kravde menneskeliv. Etter kvart var det mange som såg at ein med relativt enkle hjelpemidlar kunne ha redda mange. Konsul Tønnes Puntervold frå Egersund var vitne til eit slik tilfelle. I 1852 såg han skonnerten «Christine Magdalene» av Bergen forlise utanfor Ogna. Han skreiv då avisinnlegg, mellom anna i Stavanger Aftenblad. Andre tok opp tråden. Eit brev frå 33 stavangerskipperar til Marinedepartementet 12. januar 1852 beskreiv behovet for ei redningsteneste, særleg langs Jærkysten. Eit skriv frå departementet av 22. april gjekk inn for å utplassere redningsutstyr på utsette stader langs Jæren og Lista.

Redningsstasjonane vart oppretta ved Kongeleg resolusjon i 1853, og i 1854 var det oppretta fem redningsstasjonar. Desse var utstyrt med eit rakettapparat med line som kunne skytast ut til dei som var i havsnaud. Nokre stasjonar fekk og båtar. Landbaserte redningsstasjonar høvde berre der kysten bestod av strender, utan skjergard. Dei vart derfor einast utbygd på Jæren, der det vart seks stasjonar, og på Lista, der det vart fire.

I 1894 finansierte Redningsselskapet (NSSR) redningsbåten «Tryg» på Kvalbein. Denne var spesialkonstruert for formålet. Han skulle ha 1? manns besetning, av desse 12 roarar. Båten viste seg å vere betre eigna til formålet enn dei båtane redningsstasjonane hadde frå starten. «Tryg» redda til saman 59 menneske fram til 1935 då han vart teken ut av vaktteneste.

I 1933 overtok Redningsselskapet alle redningsstasjonane frå Fyrdirektøren. I 1966 var det til saman 42 redningsstasjonar i Noreg. Den nørdste var på Bjørnøya. Dei aller fleste hadde ikkje anna redningsutstyr enn redningsgevær. Alle stasjonane, med unnatak av Reve, var nedlagt i 1977. Reve var heller ikkje aktiv etter dette. Grunnen til nedleggingane var utviklinga av andre redningshjelpemiddel. Særleg gjorde bruken av helikopter redningsstasjonane overflødige.

Varden Sjøredningsmuseum, Ogna, Jæren, har utstillingar som viser korleis redningstenesta fungerte[1]. Det er også eit museum knytt til stasjonen på Østhassel [2] i Vanse på Lista.

Reve redningsstasjon

Redningsstasjonar langs Jæren:

Redningsstasjonar på Lista:

  • Stave
  • Lista, oppretta 1854.
  • Østhassel i Vanse, i drift til 1972. Hadde redningsbåt.
  • Rauna, øy like søraust for Østhassel. Der var redningsutstyr og ei redningshytte der skipsbrotne kunne finne ly.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Norsk Maritimt Forlag 2002.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra