Opna hovudmenyen

Redoksreaksjon

kjemisk reaksjon
(Omdirigert frå Redoks-reaksjonar)

Ein redoksreaksjon er ein kjemisk reaksjon der eitt atom vert redusert og eitt oksidert. Både oksidasjonen og reduksjonen kan skje med atom i same sambinding. Redoksreaksjonar er viktige innan biologi, til dømes i fotosyntesen.

Denne typen reaksjonar skjer til dømes under elektrolyse og i galvaniske celler. Enkelte stoff har stor evne til å oksidera andre stoff. Desse vert kalla oksidantar.

DømeEndra

2Al2O3 --> 4Al + 3O2

Her har aluminium oksidasjonstal 3 og oksygen oksidasjonstal -2 i aluminiumoksid. For dei reine grunnstoffa er oksidasjonstalet 0. Det viser at aluminium er redusert og oksygen oksidert.

Sjå ògEndra