Reg Presley

Reginald Maurice Ball (12. juni 19414. februar 2013), mest kjend som Reg Presley, var ein engelsk songar og låtskrivar. Han var frontmann i 60-talsbandet The Troggs, som hadde hittar som «Wild Thing» og «With a Girl Like You». Han skreiv songen «Love Is All Around», som vart nytta i filmane Four Weddings and a Funeral og Love Actually.

Reg Presley
Fødd12. juni 1941(1941-06-12)
FødestadAndover i Hampshire i England
Død4. februar 2013 (71 år)
DødsstadAndover i Hampshire i England
FødenamnReginald Maurice Ball
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til 2012
Sjangerpop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Troggs
Verka somMusikar, songar, låtsrivar

KarriereEndra

Presley fekk dette scenenamnet i 1965 av New Musical Express-journalisten Keith Altham.[1] Etter skulen var over vart han murar, og hadde dette yrket fram til «Wild Thing» gjekk inn på UK Singles Chart i 1966.[2] Songen nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og selde fem millionar eksemplar.[2][3]

Presley skreiv hittane «With a Girl Like You», «I Can't Control Myself» og «Love Is All Around». Wet Wet Wet sin versjon av denne sistnemnde songen i 1994 låg heile 15 veker på toppen av UK Singles Chart. Presley brukte inntektene han fekk for dette til å finansiere forsking på UFOar, tapte sivilisasjonar, alkymi og kornsirklar og publiserte funna sine i boka Wild Things They Don't Tell Us, publisert i oktober 2002.[2][4]

Helseproblem og dødEndra

I desember 2011 vart Presley lagt inn på sjukehus i Winchester i Hampshire, med mistanke om eit hjerneslag. Han hadde òg lungebetennelse og væske kring hjarta. Presley hadde hatt eit stort slag kring eit år tidlegare. Kona hans sa ha byrja å kjenne eg dårleg då han spelte i Tyskland den 3. desember 2011 og vart gradvis verre.[5] Månaden etter vart det annonsert at Presley hadde lungekreft og derfor valde å trekkje seg frå musikkindustrien.[6] Litt over eit år seinare, den 4. februar 2013, døydde Presley av kreft.[7][8] Presley vart kremert ved Basingstoke Crematorium i Hampshire.

Ein blå plakett i hans minne vart avdekt i Andover High Street den 31. juli 2016, og markerte staden der The Troggs brukte å øve.

EttermæleEndra

Musikken til Presley inspirerte Iggy Pop og vart lovprist av Bob Dylan. Kritikaren Lester Bangs kalla The Troggs «punkens gudfedre» og samanlikna Presley med Marcel Proust.[2] Presley er med som ein rollefigur i Steve Erickson-romanen These Dreams of You (2012).[9]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra