Region Syddanmark
Region Syddanmark er ein av fem regionar i Danmark. Regionen vart etablert som administrativ eining den 1. januar 2007 som del av den nye danske region- og kommuneinndelinga, og han femner dei tidlegare amta Fyns, Ribe og Sønderjylland og dei tidlegare kommunane Børkop, Egtved, Fredericia, Give, Jelling, Kolding, Lunderskov, Vamdrup og Vejle, som låg i Vejle Amt. Administrerande senter i kommunen ligg i Vejle.
Syddanmark | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Vejle | ||
Areal | 12 191 km² | ||
Folketal | 1 200 227 (2010) | ||
Folketettleik | 98 / km² | ||
![]() Region Syddanmark | |||
Wikimedia Commons: Region Syddanmark | |||
Nettstad: www.regionsyddanmark.dk | |||
Region Syddanmark har 22 kommunar. Folkemengda i regionen er i 2010 1 200 227.