Regjeringskvartalet

59°54′54″N 10°44′45″E / 59.91500°N 10.74583°E / 59.91500; 10.74583

Regjeringskvartalet

Foto: Teigens Fotoatelier
Kart
Regjeringskvartalet
59°54′54″N 10°44′45″E / 59.915°N 10.745833°E / 59.915; 10.745833

Regjeringskvartalet er eit bygningskompleks ved Akersgata i Oslo sentrum der den norske statsministeren og dei fleste departementa i Noreg har kontora sine.

Soge endre

Den eldste bygningen er oppført av arkitekt Henrik Bull i 1901–1904 og var meint som del av eit monumentalt, jugendprega anlegg, der berre ei fløy vart bygd. Først i 1939 vart byggesaka teke opp att ved ein arkitektkonkurranse, vunnen av Erling Viksjø. Eit høghus på 15 etasjar (Høgblokka) vart oppført 1958, og påbygd med to etasjar 1990. I 1969 vart den såkalla Y-blokka (òg teikna av Viksjø) føydd til, delvis ved overdekking av Arne Garborgs plass. Dei nyare delane kravde riving av Empirekvartalet med hopsitalsbygningane til Christian H. Grosch, trass i protestar frå mellom andre Riksantikvaren. Den såkalla S-blokka, som vart reist der fengselet bak Møllergata 19 hadde lege, og stod ferdig 1978. I 1981 vart òg Møllergata 19 gjort til regjeringskontor og 1988 vart fjerde byggetrinn, R 4, utført. S-blokka og R 4 er teikna av Viksjøs Arkitektkontor A/S som då var leia av Per Viksjø. Det femte byggetrinnet, R 5, teikna av Torstein Ramberg, stod ferdig 1996.

6. byggetrinn har vore under oppføring i kvartalet mellom Teatergata og Munchs gate, teikna av BAD Arkitektar AS, og var planlagt ferdigstilt i 2012.

Terroråtak endre

22. juli 2011 vart Regjeringskvartalet utsett for eit terroråtak som tok livet av åtte menneske. I åtaket vart det brukt ei bilbombe som påførte store materielle skadar på bygningane i Regjeringskvartalet og området rundt. Åtaka vart planlagt og utført av éin einskildperson, motivert av høgreekstremistisk og islamfiendtleg ideologi. Same dag skaut han og tok livet av 68 menneske på AUF sin sommarleir på Utøya.

22. juli-senteret, som informerer om terroråtaka 22.juli 2011, ligg i første etasje i H-blokka i Regjeringskvartale. Det vart opna 22. juli 2015.

Galleri endre

Kjelder endre

«Regjeringskvartalet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Regjeringskvartalet