Regnbogepakta er namnet på den pakta Gud i følgje Fyrste mosebok inngjekk med Noah, etterkommarane hans og kvar levande skapning på jorda etter syndefloda. Her lova Gud at vatnet aldri meir skal verta til ein storflaum som tyner alt liv.

Guds pakt med Noah: Joseph Anton Koch, ca. 1803

I følgje forteljinga skal regnbogen minne menneska om dette. I kristen forkynning vert regnbogepakta brukt som prov på at vonde hendingar og naturkatastrofar ikkje kan komme frå Gud.

Regnbogepakta vert spegla att i vatnet som vert bruka i den kristne dåpen.

«Sjå, eg vil gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar, og med kvart eit livande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei ville dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som liver på jordi: Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.

Bakgrunnsstoff endre