Regntøy er klede som er spesielt utforma for å halda nedbør unna brukaren.

Regntøy (regnfrakk og sydvest)

Frå gammalt av var vovne og strikka ullplagg vassavstøytande, fordi all lanolinen ikkje blei vaska ut av ulla. Lukta av våt sau kvar gong ein kom inn frå regnet, gjorde etterkvart at ein byrja å eksperimentera med andre tekstil og oljar. Enkelte bomullskvalitetar, som gabardin og dunlerret, utmerka seg, og blei anten brukt utan impregnering, eller som oljelerre. I mange tilfelle blei det lagt eit lag av gummi, lakk-PVC eller anna vannavstøtende stoff på utsiden av tekstila. Saumane blei tetta ekstra ved vulkanisering eller «sveising».

Regntøyet kan ha form som regnfrakk, regnkåpe eller regncape – eller som jakke og bukse, populært kalla oljehyre, noko som var spesielt nyttig for arbeidsfolk. Sydvesten var eit vanleg hovudplagg for fiskarar og sjøfolk som blei hemma av hettearrangementer og trong å sleppa å bli våte nedover nakken.

For å avgrensa kondensdanning på innsida av plagget, blei det ofte utstyrt med sinnrikt laga «lufteluker», utan at dette hjelpte så mykje. Når ein sveitta inne i regnhyre, blei ein kald kvar gong ein var i ro. Det var difor eit framsteg då ein tok i bruk nye tekstil som slapp vassdamp, men ikkje vatn igjennom (mikroporøse tekstilar).

Kjende regntøymerke er Helly Hansen, Bergans, Berghaus, Stormberg, Norrøna, Grundens og Aalesund Oljeklædefabrik. Eit døme på eit utanlandsk regntøymerke er den canadiske K-EN-Way.

Kjelder endre