Reidar Carlsen

norsk politikar

Reidar Carlsen (1. juli 19082. mai 1987), fødd i Beiarn, var ein norsk forstmann og politikar frå Arbeiderpartiet.

Reidar Carlsen

Fødd1. juli 1908
Bodin kommune
Død2. mai 1987 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Reidar Carlsen vart vald inn på Stortinget i 1945, og var stortingsrepresentant fram til 1961.

Han var konsultativ statsråd for fiskerisaker 5. november 1945 - 1. juli 1946, og deretter den første som var statsråd og sjef for det nyoppretta Fiskeridepartementet (fiskeriminister) frå 1. juli 1946 - 19. november 1951, i Einar Gerhardsen si andre regjering.

Reidar Carlsen var jord- og skogsarbeidar, fiskeriarbeidar, forretningsførar, journalist og kontorist i åra 1923-1937. I 1928-1929 studerte han ved Statens Skogskole Steinkjer.

Han flytta til Bodø og engasjerte seg i 1930-åra i politikk, og fekk styreverv i Nordland AUF, i Bodø Arbeidarparti, var formann i Søre Salten krinsparti av DNA, og vart vald inn i Bodin kommunestyre i 1937).

Han blei heradskogmeister for Bodin, Kjerringøy, Sørfold og Leiranger 1937-1939. 1939-1953 var han sekretær i Nordland fylkes fiskarlag. Han var direktør i Utbyggingsfondet for Nord-Norge frå 1952, og direktør og sjef i Distriktenes Utbyggingsfond 1961-1978.

Reidar Carlsen var sterkt oppteken av Nord-Noreg og Nordkalotten, og var sentral i Stortingsmelding nr. 82, Utbyggingsplan for Nord-Norge (1951). I 1972 var Carlsen formann for organisasjonen Ja til EF.

Utmerkingar endre

Kjelder endre