Opna hovudmenyen

Reineskarvet (1791 moh.) er eit markant fjell i Ål kommune i Buskerud fylke. Fjellet liknar Hallingskarvet og ligg litt lenger nordaust for dette. Det høgaste punktet heiter Store Reineskarvet og er på 1791 meter over havet og ligg i den vestlege delen. Dette er det 489. høgaste fjellet i Noreg.

Reineskarvet
fjell
Reineskarvet.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ål (Buskerud)
Høgd 1 791 moh.
Primærfaktor 435 m
Koordinatar 60°46′42″N 8°9′57″EKoordinatar: 60°46′42″N 8°9′57″E
Wikimedia Commons: Reineskarvet

Andre toppar i massivet er Nordre Reineskarvet (1745 moh), Nordvestre Reineskarvet (1730 moh), Austre Reineskarvet (1732 moh), Jøtenuten (1666 moh), Tunga (1644 moh), Eitrekollen (1713 moh) og Skoddenose (1682 moh).

BileteEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.