Rektangel er det me gjerne kallar firkantar. Det er ein geometrisk figur med fire sider som kvar har rett vinkel mot kvarandre. Sidene er derfor alltid parvis like lange.

Eit rektangel delt inn i eit rutenett med vinklane markert i raudt.

Dei lange sidene i eit rektangel blir kalla lengde (l) og dei korte breidde (b). Arealet er produktet av desse: A = l × b

Rektangel er ein særskild type parallellogram medan kvadrat igjen er ein særskild type rektangel.