Opna hovudmenyen

Religiøs kanon er ei fastsett samling skrifter rekna som ekte og autoritative innan ein religiøs tradisjon. Ein slik kanon er som regel eit utval tekstar bestemt av religiøse leiarar og teologar, og har ein annan status enn andre tekstar og munnlege overleveringar. Ordet «kánon» kjem frå gresk κανών, som har teke det frå semittiske språk. Ordet tyder eigentleg 'stivt sivrøyr', i overført tyding 'målestokk, linjal' eller 'rettesnor'.[1] Det blei først brukt om ei fastsett samling bibeltekstar ved midten av 300-talet.[2]

Innan ein religion er det ofte brei semje om store delar av kanonen, men ulike retningar kan vera usamde om nokre delar høyrer med eller ikkje, eller dei kan føretrekkja visse utgåver av kanonen av kanonen framfor andre. Tekstar som er blitt forkasta frå kanonen kan bli til apokryfe skrifter eller i nokre høve som kjetterske.

Bibelkanonar er viktig innan jødedommen, kristendommen og nærskylde religionar. Den hebraiske bibelen (Tanakh i jødedommen, Det gamle testamentet i kristendommen) var ferdig kanonisert ved overgangen til 100-talet eller noko før, medan Det nye testamentet hadde nådd si kanoniske form på 300-talet.[3]

Palikanonen er den kanoniske tekstsamlinga innan theravadabuddhisme og blei skriven ned på 100-talet f.Kr. Den kinesiske buddhistiske kanonen inneheld skrifter knytt til austasiatisk buddhisme, medan Den tibetanske buddhistiske kanonen er knytt til tibetansk buddhisme.

Innan taoisme er tekstsamlinga Daozang, som blei samla inn på 400-talet, rekna som kanon.

KjelderEndra

  1. Oskar Skarsaune, «Det nye testamentets tekst og kanon» ved bibel.no
  2. Turid Karlsen Seim, «kanon – teologi» i Store norske leksikon
  3. Bente Aamotsbakken, «Skolens kanon – vår viktigste lesedannelse?» (PDF) ved hive.no
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.