René av Anjou

(Omdirigert frå René d'Anjou)

René I av Napoli (16. januar 140910. juli 1480), òg kjend som René av Anjou og den gode kongen René (fransk Le bon roi René), var hertug av Anjou, greve av Provence (1434–1480), greve av Piemonte, hertug av Bar (1430–1480), hertug av Lothringen (1431–1453), konge av Napoli (1438–1442; titulær 1442–1480) og titulær konge av Jerusalem (1438–1480) og av Aragón (1466–1480, inklusive Sicilia, Mallorca og Korsika).

René av Anjou

Fødd16. januar 1409
FødestadAngers
Død10. juli 1480
DødsstadAix-en-Provence
GravstadAngers Cathedral
Gift medIsabella, Jeanne de Laval
DynastiHouse of Valois-Anjou
FarLouis II of Naples
MorYolanda de Aragon
BornJohn II, Duke of Lorraine, Louis of Anjou, Marquis of Pont-à-Mousson, Yolande of Anjou, Nicolas of Anjou, Margaret av Anjou, Charles of Anjou, Isabel of Anjou, René of Anjou, Ann of Anjou, John, Bastard of Anjou, Blanche d'Anjou

Han var far til Margareta av Anjou, som var gift med kong Henrik VI av England og var ein nykkelfigur i Rosekrigane.

Gjennom ekteskapet sitt med Isabella I av Lothringen fekk han ein kravrett på dette hertugdømet då hertug Karl II døydde i 1431. Men hertugen av Burgund tok parti for rivalen til René, greven av Vaudemont. Det braut ut krig, og René blei teken til fange av fiendane sine. Ved konsilet i Basel i 1434 erklærte likevel keisaren han som rettmessig arvtakar til Lothringen. Medan han var i fengsel fekk han bod om at den eldre broren hans, Ludvig III, var død i 1434. Derfor fall landområda til broren, Anjou og Provence, og dessutan krava på Jerusalem, Napoli og Sicilia, til han.

Etter at dronning Johanna II av Napoli døydde i 1435 fekk René tilbod om krona av Napoli. Kona hans Isabella overtok styret av landet inntil vidare. Fyrst i 1438 kom René sjølv, som var blitt frigjeven 1437, til Napoli, men måtte gje det opp til kong Alfons av Aragón i 1442,[1] etter fleire kampar. Han slo seg då ned i Lothringen, men gav snart dette området vidare til den eldste sonen sin, titulærhertugen Johan av Calabria, og flytta til Anjou. I 1467 blei René kalla til trona av Aragón som ei slags morsarv etter Jolanda av Aragón, men den tidlegare nemnde sonen hans kjempa forgjeves om denne med kong Johan II av Aragón. I 1473 tok kong Ludvig XI Anjou frå René, og han flytta residensen sin til Provence ein gong for alle.

Kjelder

endre