Opna hovudmenyen
Éire
Ireland

(norsk: Irland, irsk)

Det irske flagget Det irske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Amhrán na bhFiann»
Motto Éire go deo (Irland for alltid)
Geografisk plassering av Irland
Offisielle språk Irsk og engelsk
Hovudstad Dublin
Styresett
Republikk
Michael D. Higgins
Enda Kenny
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
70 273 km² (119.)
2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 011 102 (121.)
71,3 /km² (113.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anarkjend
Frå Storbritannia
21. januar 1919
6. desember 1921
Nasjonaldag 17. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
250 300 mill. USD (59.)
56 300 USD (15.)
Valuta Euro
Tidssone UTC
Telefonkode +353
Toppnivådomene .ie


Republikken Irland utgjer fem seksdelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla «Éire» på irsk og «Ireland» på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilja mellom stat og øy.

HistorieEndra

FylkeEndra

KlimaEndra

 
Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, ein mild, fuktig og vindfull stad.

Irland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sumaren er etter måten kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20 °C om sumaren.

Nedbøren spreier seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest fer forbi. Den turraste tida på året er seint på våren og tidleg om sumaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det turraste området av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har kring 1400-1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti tilfelle av torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.

BakgrunnsstoffEndra