Reseptregisteret er eit reseptbasert lækjemiddelregister som har vore i drift i Noreg sidan 1. januar 2004. Alle reseptar vert registrerte i Reseptregisteret, eit sentralt helseregister som er oppretta med heimel i Helseregisterlova. På oppdrag frå Helsedepartementet har Folkehelseinstituttet fått ansvaret for etableringa av det reseptbaserte legemiddelregisteret.

Grunnlaget for registrering endre

Lækjemiddel er den vanlegaste behandlingsforma i helsevesenet, og rett bruk er viktig for trivnad, helse og livskvalitet blant folk. For å fremja rett bruk av lækjemiddel, er det naudsynt å vita korleis dei vert brukte.

Ein ønskjer å vita kor mykje lækjemiddel som vert brukte av kvinner og av menn i ulike aldersgrupper, kor lenge dei einskilde lækjemidla vert brukte av kvar pasient, kor mykje som vert brukt i og utanfor sjukehus, osb.

Opplysingar som vert registrerte endre

Reseptregisteret inneheld opplysningar frå alle apotek om utlevering av lækjemiddel til pasientar, lækjarar og institusjonar. Frå pasientreseptar vert desse opplysingane samla inn:

Kven som skal bruka Reseptregisteret endre

Forskarar endre

Forskarar skal bruka statistikk og informasjon frå Reseptregisteret for å sjå på positive og negative verknadar av legemiddelbruk. Saman med data frå andre helseregister vil verdfull kunnskap kunna hentast ut.

Lækjemiddelstyresmakter endre

Styresmaktene skal bruka statistikk frå Reseptregisteret til overordna tilsyn, styring og planlegging. Bruk av lækjemiddel må følgjast opp på ein systematisk måte av omsyn til pasienttryggleik og folkehelse.

Ålmenta endre

Ålmenta skal få tilgang til statistikk frå Reseptregisteret på ei offentleg nettside. Alle interesserte skal kunna finna opplysingar om bruken av lækjemiddel i den norske populasjonen.

Personvern endre

Pasienten sitt fødselsnummer er ei av opplysingane som vert samla inn frå reseptane, men nummeret vert ikkje registrert i Reseptregisteret. Fødselsnummeret vert i staden omdanna til eit løpenummer, eit såkalla pseudonym. Kvar person får berre eit pseudonym.

Personopplysingar skal ikkje kunna utleverast frå Reseptregisteret. Pseudonymet er derfor laga for å kunna følgja lækjemiddelbruken til den einskilde utan å kjenna identiteten. Lagra reseptopplysningar kan ikkje sporast attende til lækjemiddelbrukar.

Reseptregisteret er det første pseudonyme helseregisteret som vert etablert i Noreg. Tildelinga av pseudonym vert utførte av ein tredjepart, Statistisk sentralbyrå, før opplysingane vert registrerte. Statistisk sentralbyrå har ikkje tilgjenge til opplysingane i registeret.

Lovheimel endre

Reseptregisteret er regulert med heimel i Helseregisterlova i forskrift av 17. oktober 2003 om innsamling og behandling av helseopplysninger i Reseptbasert legemiddelregister. Etter forskrifta er det ikkje høve til å reservera seg mot registrering i Reseptregisteret.

Bakgrunnsstoff endre