Responsrate er i onkologien den prosentsatsen av pasientar med kreft som opplever partiell eller komplett remisjon i respons til behandling.[1] Responsrateforhold er eit nærskyld omgrep som måler effekten av behandling i kliniske studiar. Det er definert som delen av pasientar i ei behandlingsgruppe som opplever betring, dividert med delen av pasientar i ei kontrollgruppe som opplever betring.

Farmakokinetisk dosejustering med fluorouracil (5-FU) syner heilskapleg betre responsrate og overlevingsrate samanlikna med kalkulert dose basert på kroppsareal (BSA).
For eit liknande konsept i spørjeundersøkingar, sjå Svarprosent

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «NCI Dictionary of Cancer Terms». National Cancer Institute. Henta 28. september 2016. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.