Restitusjon i folkloristikk

Ei restitusjon (av latin: Restitutio- setja noko saman att) er eit faguttrykk som er nytta i folkeminneforskinga. Metoden vart særleg nytta i den tidlege fasen, men er ikkje så vanleg i dag.

Restitusjonsarbeidet sprang ut or tanken på at det skulle finnast ei "opphavleg form", som dei andre berre var variantar av - eit syn som var vanleg i nasjonalromantikken. Forskinga skulle finne denne forma.

Restitusjon av Draumkvedet endre

Arbeidet med visa Draumkvedet er det mest kjende dømet på at denne metoden vart nytta. Moltke Moe arbeidde lenge med å restituere draumkvedet til noko han meinte var ein opphavleg form. Til dette nytta han alt han hadde av nedskrifter frå ulike kantar av Telemark, alt frå dei lengre etter Anne Lillegård eller Maren Ramskeid, til småbrot som var funne i Rauland eller Kviteseid elles. Resultatet av arbeidet vart ei vise på om lag seksti strofar. Kritikken mot arbeidet vart reist, mellom anna av di Moe hadde teke med både likt og ulikt, til dømes utdrag frå beltevisa, som nyttar same tematikk, men har anna innhald.

Nyare forsking har freista på å halde dei ulike formene frå kvarandre, og kvedarar har vald å syngje dei etter dei ulike kjeldene.