Retorisk spørsmål

Retoriske spørsmål er utsegner forma som spørsmål ein ikkje forventer svar på, anten fordi svaret verker vera opplagt, fordi det allereie er kjend, eller fordi talaren kjem til å svara på det seinare. Eit retorisk spørsmål kan nyttast i retorikk, til dømes for å påverka tilhøyrarar til å svara det ein ønskjer og bli overtydde om det ein sjølv meiner. Ein kan også bruka retoriske spørsmål i daglegtale, gjerne som faste formuleringar.

Retorisk spørsmålteikn.

I skrift bruker ein ikkje alltid spørsmålsteikn etter retoriske spørsmål. I 1580-åra fann den engelske trykkaren Henry Denham opp eit omvendt spørsmålsteikn som skulle brukast ved retoriske spørsmål. Bruken døydde ut på 1600-talet.

Døme endre

Frå daglegtalen

  • Er det slik me vil ha det?
  • Har me det ikkje godt?
  • Er du galen?
  • Trur du eg er dum?
  • Kor lenge var Adam i Paradis?

Frå talar

  • «Ain't I a woman?» ('Er'kje eg ei kvinne?') Stilt av den frigjevne slavekvinna Sojourner Truth frå USA i 1851 om rettar for kvinner og afroamerikanarar.
  • «Om min Fader fik tre Gange daglig Prygl for ingen ting, og jeg blot faar to Gange daglig Prygl for ingen ting, skal jeg deri finde nogen Trøst? og om min Fader sultede 3 Dage i Ugen og jeg sulter blot 2 Dage i Ugen, skal jeg dermed slaa mig til ro? - Det være langt fra.»

Frå talen «Skal vi være moderate eller radikale?» av Marcus Thrane ved Arbeiderlandsmøtet i Christiania i 1850.[1]

  • «Hvordan kunde vi vænte at blive et frit Folk, naar icke Meenings Friehed hædres?»

Jens Schow Fabricius i oppfordringa til truskapseiden «Einige og tru til Dovre fell» ved Eidsvoll i 1814.[2]

Frå dikt og songar

Hvor er vel Himlen mere blaa?
Hvor springe vel saa glade
de Bække, som i Engen gaa
for Blomsterne at bade?

Frå «Vi ere en nasjon vi med» av Henrik Wergeland.

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til «Ain't I a Woman?» ved Wikisource.

 

Teksten til «Vi ere en Nation, vi med» ved Wikisource.

Kjelder endre

  1. «Skal vi være moderate eller radikale?» av Marcus Thrane ved virksommeord.uib.no
  2. Enige og troe indtil Dovre falder! ved virksommeord.uib.no

Generelle kjelder endre