Rettskrivinga av 1901

(Omdirigert frå Rettskrivinga av 1901/1910)

Rettskrivinga av 1901 var den fyrste rettskrivingsendringa for landsmål (no nynorsk) etter at landsmålet vart jamstilt med riksmål (no bokmål) i 1885. Tidlegare hadde det ikkje vore nokon offisiell normal, men folk hadde nytta normalen åt Ivar Aasen som ei rettesnor. 1901-rettskrivinga er ikkje så vidfemnande i høve til andre rettskrivingsreformer, som den i 1917.

Bakgrunn endre

Landsmålet hadde allereie vore i bruk i fleire tiår, men det fanst inga rettskriving. Folk som Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg og Olaus Fjørtoft hadde laga eigne variantar av Aasens normal. I 1892 vart det lov for elevar å skrive landsmål, og såleis naudsynt med ein felles normal. Dette førte til at Kyrkje- og undervisingsdepartementet i 1898 sette ned ei nemnd for å gjere noko med dette; ho var sett saman av Rasmus Flo, Arne Garborg og Marius Hægstad. Likevel vart det usemje i nemnda, noko som førte til to ulike framlegg med Flo og Garborg på eine sida og Hægstad på andre sida.

I 1901 la rettskrivingskomiteen fram ei delt innstilling. Fleirtalet, Flo og Garborg, ville byggje på midlandsdialektane, og dei la fram ei norm som blir kalla midlandsnormalen. Departementet vedtok å satse på Hægstad sitt framlegg, og gjorde den til hovudform i skulen. Men midlandsnormalen vart tillaten for elevane, og vart altså som ei sideform.

Midlandsnormalen endre

Flo og Garborg ville tufte normalen sin på midtlandsdialektane. Midlandsnormalen bygde særleg på talemålet i Vest-Telemark. Mellom kjenneteikna er:

  • Kløyvd infinitiv (å vera, men å kaste)
  • I-ending i perfektum partisipp av sterke verb (skrivi og eti).
  • I- og -u-endingar i staden for e- og o-endingar (skaalir/skaaline, visur/visune)
  • Ingen t i slutten av inkjekjønnsord i bundi eintal (huse og borde)
  • Ingen r og alltid e som sluttvokal i bundi fleirtal av namnord (armane, skaalene og visune)
  • Jamvektsformer med -u for fleire linne hokjønn (selju, furu, etu)

Hægstadnormalen endre

Hægstad ville med visse endringar satse på Aasens normal. Denne normalen vert kalla Hægstadnormalen og har kjenneteikna:

  • A-infinitiv uansett (vera, kasta)
  • E-ending i perfektum partisipp av sterke verb (skrive og ete)
  • E- og o-endingar i namnorda (skaaler, visor)
  • T i slutten av intetkjønnsord i bestemt eintal (huset og bordet)
  • R i bestemt fleirtal av namnord og ulik sluttvokal (armarne, skaalerne og visorne)

Aasens normal hadde attåt fleire stumme t-ar (har skrivet, augat og nokot) og endingane -ade og -at i fortid og perfektum partisipp av verb. Formene skrive, auga og noko og -a i både fortid og perfektum partisipp av verb var allereie i bruk, så Hægstad vart einig med Flo og Garborg i at desse endringane var greie.

Den endelege normalen endre

Kyrkje- og undervisingsdepartementet valde Hægstads framlegg som hovudform og lèt midlandsnormalen vere tillaten for elevar, men han forsvann stille ut or den offisielle rettskrivinga. Vedtaket var ikkje særleg omstridt.

I 1910 vart det gjort ein del tillempingar i normalen. Ubunden form av hokjønssord fekk -e ved sida av -a (ei vise), og i bunde fleirtal vart former som armane, skaalene og visone tillatne ved sida av dei eldre formene armarne, skaalerne og visorne. I tillegg kunne ord som brjota og ljon skrivast bryta og lyn.

Kjelder endre