Rettssystem blant beduinar

Rettssystem blant beduinar varierer blant dei ulike stammane. Ei rekkje av desse tradisjonelle systema stammar frå førislamsk tid, og følgjer dermed ikkje muslimsk sjaria. Mange av systema har blitt mindre viktige eller endra seg etterkvart som beduinar har byrja følgja sjaria eller nasjonale rettssystem i staden.[1]

Generelle prinsipp endre

Rettssystema blant beduinar byggjer på æreskodeksen deira, — sharaf for menn og ird for kvinner.[2] Beduinskikkar knytt til å oppretthalda ære, og dei kytte til gjestmilde og mot, går tilbake til førislamsk tid.[2] I mange tradisjonelle beduinrettar kan kvinner ofte ikkje opptre som tiltalt eller vitne.[3] Avgjerder blir tekne av dei eldre i lokalsamfunnet.

Medlemmer av ein enkeltstamme, som ofte rekner seg som etterkomarar av ein enkeltperson, følgjer som regel det same rettssystemet. Stammar som er nært i slekt følgjer gjerne også liknande rettssystem, og kan tilmed ha dei same domstolane. Juristar i den arabiske verda har ofte kalla beduinske skikkar som presedens.[3]

I mindre beduinstammar kan konfliktløysing vera så uformell som samtalar mellom familiane til dei to partane. I større stammar finst det sosiale reglar for konfliktløysing.

Med sin tradisjonelle nomadiske levemåte har ikkje beduinar gjort bruk av fengsling. Mindre misferder, og ein del større brotsverk, blir typisk straffa med bøter, medan grovare brotsverk blir straffa med fysisk straff eller dødsstraff.

Beduinstammar blir vanlegvis haldne ansvarlege for handlingane til medlemmane sine. Om ein person som er funnen skuldig ikkje betalar bota si, blir stammen hans forventa å betala denne. Den skuldige står deretter i gjeld til stammen.[4]

Ved grove brotsverk omfattar det tradisjonelle rettssystemet gudsdommar eller eldprøvar. Den best kjende forma heiter bisha'a, og er blitt praktisert blant beduinar i tradisjonelle Palestina og på Sinaihalvøya. Metoden blir brukt til å avgjerda skuld og avsløra løgn i saker som blodhemn, til dømes når det ikkje finst vitne. Det kan gå ut på å varma opp ei metallskei eller liknande. Den som blir stilt på prøve slikkar denne skeia skyllar så munnen. Spørsmålet om skuld eller løgn blir avgjort ved om hendinga fører til store sår eller arr. Berre dommarar med høg autoritet kan utføra og dømma i prøven.[5][6]

Vanlege former for rettsorganisering endre

  • Orfi: Eit rettssystem med eit nivå. Ein del beduinstammar i Sinai nyttar orfi-domstolar. Slike domstolar prøver ikkje å finna sanninga eller dømma skuldige, men driv meir med mekling mellom ulike partar. Orfidomstolar blir leia av ein muktar (dommar). Dei kan autorisera bruk av eldprøve (bisha'a), men må føya seg etter reglar for blodhemn.[3]
  • Ghadi: Eit rettssystem med to nivå. Alegat-beduinar i Egypt utnemner tre dommarar (ghadi). Ein kan anka til ein annan dommar om ein ikkje er nøgd med resultatet av meklinga. Ein kan også anka til ein sheikh (stammeleiar), og hans avgjerder kan ikkje setjast til side.[3]
  • Armilat: Eit rettshierarki med fleire nivå. Armilat-beduinar har fem nivå av meklarar og dommarar, med stigande autoritet.

Det lågaste nivået er kafeel, ein person som har ei viss makt eller stilling i stammen, eller stor fysisk styrke. Dette er ein person som kan opptre som meklar i mindre saker eller som garantist. Stillinga som kafeel er betalt og går ikkje i arv. Alle nivå over kafeel er arvelege. Dei er, i stigande nivå, kabir, adraybee, manshaad og jrabiee. Den høgaste dommaren har autoritet til å utføra bisha'a.[7]

Blodhemn endre

Reglar for blodhemn står ofte over avgjerder frå domstolar, og kan variera frå stamme til stamme. Straff for drap er vanlegvis større enn straff for å bryta stammesolidaritet (assahiya). Som regel er det dødsstraff for drap, men hjå nokre stammar kan ein betala blodsbot i staden.[7] I hovudsak gjeld eit gjengjeldingsprinsipp tilsvarande auge for auge, tann for tann, kjend frå uttrykket dam butlab dam ('blod krev blod'). I mange stammar har dei første fem ledda av syskenbarn og fjernare -menningar (khamsa) plikt til å finna og drepa mordaren. Dersom han ikkje er å finna, skal eit annan mannleg medlem av stammen hans drepast som hemn i staden.[2]

Kjelder endre

  1. Revkin, Mara, «Islamic justice in the Sinai», Foreign Policy (på engelsk), henta 6. juni 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 Patai, Raphael. The Arab Mind. New York: Charles Scribner's Sons, 1973
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Sons of Ishmael: A Study of the Egyptian Bedouin, by G.W. Murray, London: Routledge, 1935
  4. Larry W. Roeder, Jr. «Of Bedouins and Tasting Fire». Arkivert frå originalen 18. november 2006. 
  5. John B. Glubb (1969). «A short history of the Arab peoples». London: Hodder and Stoughton. Arkivert frå originalen 29. november 2006. 
  6. Conflict resolution through a traditional ritual among the Bedouin Arabs of Palestine, Al-Krenawi, A. and Graham, J. R., Ethnology 38 s. 163-174, 1999
  7. 7,0 7,1 Roeder, Larry W., Jr. «The Sinai Bedouin». Arkivert frå originalen 27. januar 2007.